Mørenett innfelt rune koberberg foto 11
TRUR PÅ SAMANSLÅING: Mørenett-sjef Rune Kiperberg trur dei og nettselskapet Linja vil vere betre rusta til å gjennomføre det grøne skiftet i saman.
Nytt

– Kraftnettet er nøkkelen til det grøne skiftet

Mørenett-sjefen forklarar kvifor han trur det er lurt å slå saman nettselskapa. Men felles hovudkontor blir det ikkje.

Marius Rosbach
16.12.2021

Torsdag kom nyheita om at eigarane i Tussa, Tafjord og Sogn og Fjordane Energi, vurderer ei samanslåing av nettselskapa Mørenett og Linja.

I første omgang skal spørsmålet greiast ut, ifølgje børsmeldingar frå Tafjord og Sogn og Fjordane Energi.

Administrerande direktør Rune Kiperberg i Mørenett er allereie overtydd om at det er ein god ide.

– Både vi og Linja er samde om eit likt framtidsbilde. Vi ser klarare og klarare at kraftnettet ernøkkelen til det grøne skiftet. Det vil både vere behov for økonomisk løfteevne, og å samle kompetanse i sterkare fagmiljø for å hjelpe kundane våre og næringslivet til å gjennomføre dette grøne skiftet, seier han til NETT NO.

– Dette trur vi at vi gjer best ved å vere samla, legg Kiperberg til.

Vil ikkje ha eitt hovudkontor
Kven som skal leie det nye selskapet – om eigarane konkluderer med å gå for ei samanslåing – er for tidleg å seie.

– Nei, so langt er vi ikkje komne, seier Kiperberg.

Men spørsmålet om hovudkontor har allereie vore diskutert.

Linja som gjekk tidlegare under namnet SFE Nett, har hovudkontor i Florø. Mørenett sitt hovudkontoret ligg på Dragsund i Herøy. Selskapet har avdelingar i Ålesund, Ørsta, Vanylven, Norddal og Stryn.

Vi har vi ikkje nokre tankar om å vere organisert med eitt hovudkontor
Rune Kiperberg

Tyngst til stades i Florø, Dragsund og Ålesund

Mørenett-sjefen fortel at det ligg an til ei delt løysing.

– Vi har vi ikkje nokre tankar om å vere organisert med eitt hovudkontor, men at vi vil ha fleire forretningskontor med leiarar og ulik kompetanse på dei ulika plassane, seier han.

Kiperberg seier det vil vere naturlig å ta utgangspunkt i dei «tyngste lokasjonane» dei to selskapa har i dag – i Florø, Ålesund og Dragsund i Herøy.

Vil få kring 280 tilsette
Mørenett har kring 150 tilsette og samla vil dei to selskapa telle kring 280 medarbeidarar. Eit samanslått selskap vil betene kring 100.000 kundar i straumnettet.

Linja og Mørenett omsette i 2020 for kring 1,1 milliarder. Samla nettkapital, som er bokført verdi av kraftnettet til selskapa – vil vere på 4,5 milliardar.

Kan bli gjennomført neste år
Selskapa skal jobbe med utgreiinga av ei eventuell samanslåing i første halvår 2022.

Arbeidet handlar i første rekke om å utgreie kva som skal til for å førebu og etablere eit stort nettselskap på Nordvestlandet. Ei eventuell gjennomføring skal skje andre halvår 2022.

Publisert: 16.12.2021 11:41

Sist oppdatert: 16.12.2021 14:03

Mer om