Inntektene til Ford- og Nissan-forhandlaren i Ørsta svinga mellom 60 og 70 millionar kroner i fem år på rad, fram til 2021.
Då auka inntektene til over 90 millionar og har halde seg der sidan. 2024 vart eit nytt rekordår, målt i inntekt, sjølv om inntektsveksten frå 2023 var beskjeden (sjå tabell under).
Lønsemda vart ikkje like god som året før. Resultat før skatt tilsvarar 2,5 prosent av driftsinntektene, ned frå 5,1 prosent i 2023. 2,5 prosent er eit nivå som vert rekna som akseptabelt i bransjen.
Til samanlikning var Ørsta Bil blant dei mest lønsame bilforhandlarane på Nordvestlandet i 2023.
Då hadde forhandlarane på Nordvestlandet i snitt eit resultat før skatt på 0,2 prosent av driftsinntektene. 2023 er førebels siste år med tilgjengelege rekneskapstal for heile bransjen.
Oppsving i år
– Det ser bedre ut år, seier dagleg leiar og medeigar Kjell Krumsvik om utsiktene for 2025.
I første kvartal i år var både inntektene og lønsemda høgare enn i 2024, ifølgje Krumsvik - og det ventar han blir tilfelle for heile 2025.
Økt bilsalg i år
I månadane januar-april i år har nybilsalet auka med 28 prosent på landsbasis samanlikna med same periode i fjor.
Det kjem fram i salsstatistikken til Opplysningsrådet for Veitrafikken.
Etter årets to første månadar i år låg vekten i nybilsalet på Sunnmøre over veksten på landsbasis. I 2024 var det omvendt.
| Ørsta Bil As | ||
| Tal imill. kroner | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekt | 97,6 | 97,0 |
| Driftsresultat | 2,8 | 5,2 |
| Resultat før skatt | 2,4 | 4,9 |
Publisert: 12.05.2025 12:54
Sist oppdatert: 12.05.2025 15:30






