ANALYSE:
I 2021 hadde bilforhandlarane på Nordvestlandet i gjennomsnitt eit resultat før skatt på 4,2 prosent av driftsinntektene. Det er ein god resultatmargin i denne bransjen.
I fjor var resultatmarginen berre 0,2 prosent - og 12 av 32 selskap i Nett No si resultatoversikt gjekk i minus. Året før var det ingen som hadde underskot (sjå tabell under).
På Sunnmøre fall talet på nybilregistreringar med over 26 prosent i første halvår, samanlikna med første halvår i fjor.
Bråbrems er ordet.
Petter Aaland, dagleg leiar i Aaland Bil i Ålesund oppsummerer 2022 og 2023 på denne måten:
- Det som var utfordringa i fjor var voldsom kontraktsinngåing i 2022, masse bilar som skulle leverast før jul. Så snur det heile etter nyttår. Det blir fullstendig stopp.
I andre halvår løsna nybilsalet for bilforhandlaren i Fremmerholen.
– Vi er veldig heldig som har mange modellar (sjå tabell under). MG traff marknaden veldig godt og ein offensiv importør hadde gode kampanjar, seier han.
Også Citroën - eit anna av Aaland sine merke - hadde godt sal i andre halvår i fjor.
I år er det litt det same som i fjor, samtidig som Aaland ser at det er dei rimelegaste modellane som står for volumet.
Nett No har dekt bilbransjen sidan starten for avisa hausten 2013.
Den første resultatoversikta for bransjen vart publisert i 2014. Den viste korleis det gjekk med bilforhandlarane i 2013 og tittelen var «Store penger, liten profitt».
Då var problemet at forhandlarane sleit med store bruktbillager. Det viste seg at dei var kjøpt inn for dyrt i høve til kva det var råd å få seld dei for. Resultatmarginen vart halvert frå året før, til 1,3 prosent.
Les bakgrunn:
I 2023 er altså resultatmarginen enda lågare enn for ti år sidan. No tener forhandlarane alt for lite.
Den enkle forklaringa er at etterspørselen er dempa på grunn av høgare rente, samstundes som marknaden er litt metta etter høgt sal i fleire år.
Statistikk og forhandlarar Nett No har snakka med peikar óg på at kundane som kjøper nytt no, i større grad enn for to-tre år sidan, går etter dei rimlegaste modellane.
Statistikkgrunnlaget er litt tynt å konkludere på, men forhandlaren med relativt størst inntektsreduksjon på Nordvestlandet i fjor var Porsche-forhandlaren i Ålesund. Det er ikkje eit billegmerke.
Bransjen har og ei anna og meir grunnleggande utfordring, som forhandlarane ikkje har kontroll over: Dei siste åra har det vore store svingingar frå år til år, alt etter om bilmerka forhandlarane har hatt å tilby har vore attraktive eller ei.
Auken i populariteten til elbilane forsterkar effekten, mellom anna fordi utviklinga av nye elbilar har gått raskare enn utviklinga av bilar som går på bensin og diesel. Om eitt bilmerke traff godt eitt år, kunne konkurrenten godt ha den mest populære modellen året etter. Forhandlarane som hadde populære modeller fekk ein opptur, dei andre enn nedtur.
Koronapandemien og deretter krigen i Ukraina skapte store forstyrringar i forsyningslinene i bilbransjen. Det forseinka produksjonen og gjorde at kundar, for ein del modellar, måtte vente i over eitt år på å få levert bilen dei ville ha.
Populariteten til elbilane, mellom anna på grunn av reduserte avgifter og andre stimuleringstiltak, medfører óg ei uvisse om verdien i bruktmarknaden. Elbilar er framleis så nye at det er relativt få litt eldre elbilar i marknaden og dermed eit svakare erfaringsgrunnlag for å vurdere framtidig bruktbilverdi.
Les også
Bilforhandlerene i nordvest | |||||
Tall i mill. Kroner | |||||
Driftsinntekt | Res.f.skatt | ||||
Selskap | Bilmerker | 2023 | 2022 | 2023 | 2022 |
Bertel O. Steen Møre og Romsdal | Mercedes, Peugot, Kia | 884,9 | 947,0 | -22,4 | 15,3 |
Frydenbø Bil ASV as (tidligere Berg & Co) | Audi, Skoda, Volkswagen | 802,6 | 677,7 | 15,5 | 26,8 |
Frydenbø Bil Ålesund | Volkswagen, Audi | 666,2 | 664,3 | 21,9 | 27,7 |
Auto 8-8 Ålesund | Nissan, Ford, Hyundai, Mazda, Seres | 562,1 | 511,3 | -2,5 | 19,9 |
Brages Bilforretning | Toyota, Lexus | 418,4 | 322,0 | 9,2 | 6,7 |
Nardo Bil Nordvest as | Volvo | 354,9 | 342,8 | 4,7 | 13,8 |
Auto 8-8 Sildnes & Haalas as | Ford, Nissan, Seres | 335,9 | 276,7 | 0,8 | 0,8 |
Toyota Nordfjord og Førde | Toyota | 335,5 | 315,8 | 10,1 | 19,8 |
Nardo Bil Ålesund | Volvo | 326,6 | 309,0 | 0,1 | 11,8 |
Frydenbø Bil Molde as | Volkswagen, Audi | 251,0 | 318,2 | -7,2 | 8,5 |
Autozentrum Ålesund (Tdil Porsche Center Ålesund) | Porsche | 207,2 | 310,1 | -30,7 | 4,8 |
Auto 8-8 Molde as | Ford, Mazda, Hyundai | 191,3 | 94,6 | -4,9 | 2,2 |
Aaland Bil as | DS, Citröen, MG, Subaru, Opel, Jeep, Fiat | 189,3 | 184,1 | -1,1 | 4,4 |
Fremme | Skoda | 178,6 | 146,0 | -0,3 | 3,3 |
Harald Hustad Co as | Toyota | 168,1 | 130,5 | 15,0 | 1,7 |
Slatlem Molde as | Skoda, Opel, Citroën | 123,8 | 126,2 | -7,2 | 0,6 |
Motor Forum | Mitsubishi, Renault, Dacia, Hongqi | 115,7 | 160,7 | -1,6 | 3,0 |
Nerland Autosalg | Chevrolet, Dogde, Ford Isuzu, | 114,1 | 134,1 | 7,0 | 22,5 |
Bil & Gummiservice as (konsern) | Opel, Byd, Isuzu, Jeep | 106,2 | 122,8 | -5,5 | 1,6 |
Ørsta Bil | Nissan, Ford | 97,0 | 90,2 | 4,9 | 3,8 |
Toyota Sunnmøre | Toyota | 91,9 | 85,4 | 3,8 | 3,4 |
Nextcar | Suzuki, Isuzu, Maxus | 79,6 | 115,0 | 0,0 | 5,1 |
Ulstein Bil | Mazda, Hyundai | 69,5 | 80,1 | 1,0 | 1,1 |
Bilhuset Sunde as | Bruktbil-forhandlar | 66,0 | 80,4 | 4,3 | 5,7 |
Stårheim Bilverksted | Citröen, Opel, Mitsubishi, Hongqi | 61,9 | 81,2 | -2,5 | 1 |
Vest Auto | Kia, Peugot | 57,5 | 65,2 | 0,1 | 1,9 |
Bjørdal Bil | Suzuki, Maxus, JAC | 51,0 | 66,9 | -1,4 | 0,2 |
Volda Bil | Citröen | 44,1 | 47,6 | 1,3 | 1,8 |
Stryn Mek. Verksted | Ford, Subaru | 42,3 | 45,5 | -1,4 | 0,4 |
Sykkylven Bil | Bruktbil-forhandlar | 39,1 | 44,1 | 0,2 | 0,7 |
Eid Motor | Hyundai | 25,0 | 25,0 | 0,7 | 1,9 |
Åndalsnes Bilverksted as | Ford | 23,6 | 34,6 | 0,2 | 0,2 |
SUM | 7080,9 | 6852,9 | 12,1 | 223,4 | |
Bavaria Ålesund, Bavaria Molde, Tesla og Frydenbø Bilsenter Sandane er avdelinger i konsern, og har ikke offentlig tilgjengelige regnskap. |
Publisert: 17.08.2024 05:00
Sist oppdatert: 20.08.2024 20:29