Litt opp for Tonning Stryn
SNUDDE NEDTUR TIL OPPTUR: 2019 ligg an til å bli det tredje året på rad med vekst og auka lønsemd for Silje Vollan og kollegaene i Tonning & Stryn.
Nytt

Litt opp for Tonning & Stryn

For andre år på rad har Tonning & Stryn ein liten vekst.

25.07.2019
Stryn Møbelindustri (frå 1939) og Tonning Møbelfabrikk (frå 1946) slo seg saman til Tonning & Stryn i slutten av 2013 mellom anna fordi begge sleit med fallande sal. I 2014, det første året etter samanslåinga, hadde dei neste 15 millionar kroner i driftsinntekter, men samanslåinga hindra ikkje at salet held fram med å falle.

Botnen blei nådd i 2016, med 11 millionar kroner i driftsinntekter og underskot for andre år på rad.
Deretter har det gått sakte oppover. Både 2017 og 2018 enda i pluss (sjå tabell) og så langt i år ligg selskapet over tilsvarande periode i fjor både målt i driftsinntekter og lønsemd, seier dagleg leiar og medeigar Silje Vollan.
Selskapet har 11 tilsette og sel møblane sine gjennom frittståande forhandlar.
Mange modellar gjer at ingen møblar blir ferdigprodusert før møblane har ein kjøpar og produksjonen er ein kombinasjon av industri og handverk.

Publisert: 25.07.2019 14:59

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:37