LO om lønnsoppgjeret: – Vi har ingen ting å gi
Sunnmøringen som no er fungerande LO-leiar, leverte krava til NHO-sjefen.
(NPK-NTB-Bibiana Piene): LO kjem ikkje til å fire ein tomme på kravet om at kjøpekrafta blir halden oppe og at låglønte får eit tillegg i lønnsoppgjeret. NHO åtvarar mot streik.
– Vi har ingen ting å gi når det gjeld kravet om å halde oppe kjøpekrafta. Dette har eit einstemmig representantskap stilt seg bak, seier fungerande LO-leiar Peggy Hessen Følsvik til NTB.
Låglønnstillegg mellom hovudkrava
Onsdag overleverte ho representantskapsvedtaket til NHO-leiar Ole Erik Almlid. Med det gjekk startskotet for intense lønnsforhandlingar i to dagar. Fristen for å bli samde går ut midnatt natt til laurdag.
Eit anna av hovudkrava til LO er å få på plass eit låglønnstillegg.
– På den måten sikrar vi store kvinnegrupper og eit likelønnsperspektiv, seier Følsvik.
Også YS overleverte krava sine onsdag. Som for LO er hovudkravet at kjøpekrafta blir halden oppe.
– Vi ventar god vekst i norsk økonomi når vaksinasjonen blir utbreidd og smitteverntiltaka blir lempa på. På denne bakgrunnen krev vi at kjøpekrafta må haldast oppe i privat sektor, seier leiar av YS Privat Eirik Bornø.
Annleis oppgjer
Oppgjeret i år er spesielt på fleire måtar. For det første er det uvanleg steile frontar og stor avstand mellom partane.
Medan både LO og YS krev at lønnsveksten held tritt med prisveksten, som er anslått til 2,8 prosent, krev NHO at lønnsveksten blir halden på nivået til handelspartnarane på 2,2 prosent. Det betyr i realiteten ein reallønnsnedgang.
– Kor mykje har de å gi i forhandlingane?
– Det får vi ta ved forhandlingsbordet. Men vi vil gjere alt vi kan for å få ei forståing for at det viktigaste no er at folk kjem seg tilbake på jobb, seier Almlid til NTB.
Forhandlingane er òg prega av den uventa bortgangen til LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen, som førte til at forhandlingsstarten måtte utsetjast med halvanna veke.
Delt næringsliv
For det tredje har koronapandemien ført til eit svært splitta næringsliv. Medan somme bedrifter har gått svært godt, står bedrifter i næringar som reiseliv og transport i fare for å gå under.
Mange av dei LO krev låglønnstillegg for, jobbar i slike bedrifter, påpeikar NHO.
Situasjonen er spesiell, erkjenner Følsvik.
– Men nettopp derfor er det viktig for oss å sikre dei som har vorte ramma hardast, men også for å sikre at folk har ei inntekt som gjer at vi får hjula i gang i samfunnet igjen, seier ho.
Fare for streik
Få vil bli overraska om partane ikkje blir samde innan fristen. Då hamnar oppgjeret på bordet til riksmeklaren etter påske.
Fleire industribedrifter har allereie varsla at dei er klare til gå til streik dersom kravet om at kjøpekrafta blir halden oppe, ikkje blir innfridd.
Men ein streik vil vere svært skadeleg i år, meiner Almlid.
– Eg er heilt sikker på at dersom LO går til streik i år, så vil det vere veldig mange som reagerer veldig sterkt på det. Så det trur eg begge partar ønskjer å unngå, seier Almlid.
– Det vil Almlid og NHO seie ved alle høve. Vi skal vere seriøse og ansvarsfulle, men sjølvsagt har vi med oss streikevåpenet, repliserer Følsvik.
På spørsmål om kor stort sannsynet for streik er i år, svarer ho:
– Det er alltid eit sannsyn for streik når vi går inn i eit lønnsoppgjer.
(©NPK)
Publisert: 24.03.2021 16:28
Sist oppdatert: 24.03.2021 16:35