Peggy Hessen Følsvik skjermfoto 11
NY TONE: LO-leiar Peggy Hessen Følsvik seier til VG at dei er opne for å greie ut sjukelønnsordninga med NHO, som dei braut kontakt med før jul. Skjermfoto
Nytt

LO opnar for å greie ut sjukelønna

Betre tone mellom partane - og NHO seier ja til dialog.

07.01.2025

(NPK-NTB): LO-leiar Peggy Hessen Følsvik seier til VG at dei er opne for å greie ut sjukelønnsordninga. NHO-leiar Ole Erik Almlid seier ja til «all dialog».

Følsvik seier at LO er opne for dialog med NHO etter brotet før jul.

– Eg registrerer ein litt annan tone frå NHO etter jul. NHO-leiar Ole Erik Almlid seier no at han ikkje vil bidra til «å eskalere situasjonen». Det er bra, og det er noko å gripe fatt i, seier LO-leiaren til VG.

– Vi er villige til å sjå på alle sider rundt sjukelønnsordninga, ikkje minst dei sosiale konsekvensane, understrekar ho.

Almlid: – Seier ja
– All dialog seier vi ja til – alltid. Det er det som har vore problemet i det siste, at det har vore slutt på dialogen, så viss det er mogleg å få i gang dialogen, så er det kjempebra, seier Almlid til NTB.

Samtidig gjentek han at NHO ikkje kan vere med på ein avtale som fredar sjukelønnsordninga i fire år.

Etter at forhandlingane om avtalen om eit inkluderande arbeidsliv (IA-avtalen) braut saman i desember, har det vore isfront mellom LO og NHO. Målet med avtalen har vore å få ned sjukefråværet og få opp andelen som jobbar.

Alle møte avlyste
Framleis er alle møte mellom LO og NHO avlyst, og LO-leiaren deltek derfor heller ikkje på NHOs årskonferanse som går av stabelen på onsdag.

– Eg forventar ikkje at NHO-sjefen skal endre si politiske overtyding, men eg registrerer at NHO-sjefen har bevega seg noko sidan stormen før jul, seier Følsvik til VG.

Ho seier også at LO er positive til ei brei utgreiing over to år for å finne årsakene til det høge sjukefråværet, noko NHO har teke til orde for.

Publisert: 07.01.2025 16:30

Sist oppdatert: 07.01.2025 16:30

Mer om