Kings Bay Jann
LODDE: Kings Bay er tidleg ute med loddefangst. Arkivfoto: Jann Flatval
Nytt

Loddefisket godt i gang

Godt med lodderegistreringar i Barentshavet, men i år svikta NVG-silda Mørebankane.

14.03.2023

Ikkje sidan nokre få enkeltår etter sildekollapsen på 60-talet har den norske vårgytande silda halde seg heilt unna bankane utanfor Møre. I fjor kom NVG-silda sør til Buagrunnen utanfor Bud, men i år stoppa silda mykje lenger nord. Dei siste fangstane vart tatt på Helgelandskysten på høgde med Sandnessjøen.

Dette skriv Sildelaget i si vekesoppdatering. Totalt vart det fiska vel 160.000 tonn NVG-sild, knappe 20.000 tonn meir enn i fjor.

Lodde til Hjørungavåg
Derimot er loddefisket i Barentshavet godt i gang. Sildelaget opplyser at fiskarane ser gode registreringar over eit stort område. Det vert også meldt om at russarane fiskar godt i si sone.

Sist veke vart det fiska 11.900 tonn lodde, men måndag vart det meldt inn heile 29 fangstar på totalt 5.628 tonn.

Av desse var herøybåten Kings Bay, med 560 tonn som skal leverast til Pelagia Liavåg, medan Rogne melde inn 500 tonn søndag, også til Hjørungavåg.

Det vert meldt om stor interesse blant kjøparane, og der mykje av lodda går til rognpressing.

Totalkvoten i Barentshavet er på 37.150 tonn, der det no er fiska 19.576 tonn.

God fart på kolmula
Fleire båtar skal no prøve seg på lodda etter å ha avslutta på kolmula. Her held det gode fisket fram i kanten vest av Irland.

Totalt er det fiska 184.111 tonn av totalkvota på 304.766 tonn.

Siste som har meldt inn er herøybåten Teigenes, med 1850 tonn kolmule som skal leverast til Prima Protein i Egersund. Også Gunnar Langva frå Ålesund er på veg med 2.100 tonn kolmule til Prima Protein.

Publisert: 14.03.2023 11:29

Sist oppdatert: 14.03.2023 11:27

Mer om