Nytt
Lokale og internasjonale investorar interesserte i Kleven
Nye Kleven har som mål at dei igjen skal bygge nye båtar. Men deira første kunde – Nornes-reiarlaget frå Giske - meiner det er eit stort potensiale på ombygging.
Marius Rosbach
20.09.2019
Fredag var det klart at Kleven-verftet er etter at dei har fått på plass ei restrukturering med god hjelp frå bankane og eigaren Hurtigruten.
Kleven-leiinga fortalde at dei er i dialog med fleire investorar, men at desse først ville sjå korleis restruktureringa enda opp, før dei gjekk vidare med samtalene.
– Det er interesse både lokalt og frå utlandet for å diskutere situasjonen vidare med Kleven, sa administrerande direktør Kjetil Bollestad då han møtte pressen etter eit allmøte med dei tilsette.
Kleven sitt håp er at verftet no er attraktivt nok til at ein ny eigar kjem inn.
– Dette er første steg. Vi gjere dette for å få eit sunt verft. Når vi kan vise til at vi har signert avtalen, som blei gjort i går kveld, så blir dette mykje meir interessant for dei vi har snakka med, fortalde finansdirektør Ola Beinnes Fosse.
Med den nye finansieringa på plass, kan verftet stå på eigne bein ut 2020, men dei legg ikkje skjul på at dei ønskjer ny investor inn så snart som mogleg. Dei reknar med at det vil løyse seg i løpet av dei neste månadene.
Dagleg leiar Tormund Grimstad i Nordnes-reiarlaget måtte innrømme at han ikkje var kjent med kva moglegheiter som fantes lokalt for å gjennomføre prosjektet deira, og trudde dei var nøyd til å gå til utlandet.
– Eg ser masse uforløyst potensial i verftet og for augneblinken er det eit stort potensiale i denne marknaden, sa han.
Bellonas Frederic Hauge .
Hauge meinte ein storstilt elektrifisering av eksisterande båtar, ville utgjere ein «fantastisk marknad» for norske verft framover.
– Kleven er eit stort verft og det er veldig viktig å ha eit slikt samarbeid med Nordnes for å ha fleire bein å stå på. Men vi ønskjer å bli eit nybyggingsverft igjen, og ha større volum og kapasitet, svarte verftsdirektør Bollestad.
Verftsleiinga fortalde at dei har fleire konkrete prosjekt dei jobbar med, og at det er interesse både frå gamle og nye kundar. I tillegg til kontrakten med Nordnes, er Nye Kleven og Fosen Yards i felles samtalar med av fleire Hurtigruten-skip.
– Det er også offshoreprosjekt vi ser på, og vi jobbar inn mot fiskeri - og på sikt inn mot ekspedisjonsskipmarknaden, der vi har bygd opp ei enormt god kompetanse som vi sjølvsagt vil bygge vidare på. Vi har trass alt levert to av dei mest avanserte og største ekspedisjonsskipa som er bygd i Norge, påpeika salssjef Thore Veddegjerde.
Kleven-leiinga fortalde at dei er i dialog med fleire investorar, men at desse først ville sjå korleis restruktureringa enda opp, før dei gjekk vidare med samtalene.
– Det er interesse både lokalt og frå utlandet for å diskutere situasjonen vidare med Kleven, sa administrerande direktør Kjetil Bollestad då han møtte pressen etter eit allmøte med dei tilsette.
Les også:
– Dette er første steg
Etter at bankane no har redusert gjelda betydeleg, sit Hurtigruten framleis som eigar i Nye Kleven– men ønskjer å selje aksjane sine. Verftet tek med seg fasilitetar, delar av lånet, samt tilsette frå det tidlegare selskapet. Verftet opplyser ikkje nøyaktige tall for gjeldsletta, og resultatet for 2018 er ikkje gjort er ikkje gjort offentleg enno.Kleven sitt håp er at verftet no er attraktivt nok til at ein ny eigar kjem inn.
– Dette er første steg. Vi gjere dette for å få eit sunt verft. Når vi kan vise til at vi har signert avtalen, som blei gjort i går kveld, så blir dette mykje meir interessant for dei vi har snakka med, fortalde finansdirektør Ola Beinnes Fosse.
Med den nye finansieringa på plass, kan verftet stå på eigne bein ut 2020, men dei legg ikkje skjul på at dei ønskjer ny investor inn så snart som mogleg. Dei reknar med at det vil løyse seg i løpet av dei neste månadene.
– Uforløyst potensial
Fredag kunne Kleven også fortelje om den første kontrakten for «Nye Kleven» - ei - for Nordnes-reiarlaget frå Giske. Det er første gong både reiarlaget og verftet er involvert i eit prosjekt som inkluderer ei batteripakke på ein fiskebåt.Dagleg leiar Tormund Grimstad i Nordnes-reiarlaget måtte innrømme at han ikkje var kjent med kva moglegheiter som fantes lokalt for å gjennomføre prosjektet deira, og trudde dei var nøyd til å gå til utlandet.
– Eg ser masse uforløyst potensial i verftet og for augneblinken er det eit stort potensiale i denne marknaden, sa han.
Bellonas Frederic Hauge .
Nordnes:
Hauge meinte ein storstilt elektrifisering av eksisterande båtar, ville utgjere ein «fantastisk marknad» for norske verft framover.
– Kleven er eit stort verft og det er veldig viktig å ha eit slikt samarbeid med Nordnes for å ha fleire bein å stå på. Men vi ønskjer å bli eit nybyggingsverft igjen, og ha større volum og kapasitet, svarte verftsdirektør Bollestad.
Har fleire konkrete prosjekt
Etter grepa som no er gjort , der «gamle Kleven» fullfører leveringa av MS Fridtjof Nansen via ein serviceavtale med Hurtigruten, ser verftet no framover.Verftsleiinga fortalde at dei har fleire konkrete prosjekt dei jobbar med, og at det er interesse både frå gamle og nye kundar. I tillegg til kontrakten med Nordnes, er Nye Kleven og Fosen Yards i felles samtalar med av fleire Hurtigruten-skip.
– Det er også offshoreprosjekt vi ser på, og vi jobbar inn mot fiskeri - og på sikt inn mot ekspedisjonsskipmarknaden, der vi har bygd opp ei enormt god kompetanse som vi sjølvsagt vil bygge vidare på. Vi har trass alt levert to av dei mest avanserte og største ekspedisjonsskipa som er bygd i Norge, påpeika salssjef Thore Veddegjerde.
Meir om Kleven:
Publisert: 20.09.2019 19:12
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:39