Intersport Hofseth Ulsteinvik Sunniva Seljeseth Angelica Berstad foto marius
ULSTEINVIK: Sunniva Seljeseth (t.v.) og Angelica Berstad ved Intersport Hofseth i Ulsteinvik jobbar i eit konsern som er i stadig vekst. I Ulsteinvik er butikkarealet nyleg utvida og lokala fått ny profil.
Nytt

Lokaleigd sportskjede veks frå sju til ti butikkar

Opplevde koronaboom for samtlege butikkar i fjor. No opnar kjeda snart sin tiande butikk.

Marius Rosbach
22.07.2022

Det lokaleigde Sunnmøre Sport Holding-konsernet omfattar snart ti Intersport-butikkar på Nordvestlandet.

Konsernet som i fjor bestod av sju butikkar har nyleg kjøpt to nye Ålesund-butikkar. I tillegg opnar dei snart sin butikk nummer to i Volda.

– Då reknar vi å ha nok å gjere på ei stund, seier Frode Hofseth til NETT NO på spørsmålet om dei ønsker å vekse enno meir med det første.

Hofseth er av dei lokale eigarane som står bak det som etter kvart har blitt eit konsern med sportsbutikkar frå Stryn til Ålesund. Til dagleg leiar han i Ulsteinvik-butikken Intersport Hofseth, som nyleg er bygd om og utvida.

Blir betydeleg fleire tilsette
Frå mai kom Intersport Moa og Intersport Breivika innunder same paraply. Når Intersport Voldaportalen i tillegg opnar i august, har talet på tilsette som jobbar i konsernet vekse betydeleg det siste året.

– Dei to butikkane i Ålesund er relativt store, og har vore i eit anna system. Framover vil vi ha fokus på å få alt til å flyte skikkeleg, fortel Hofseth.

Ni av Intersport-butikkane i konsernet er heleigd av Sunnmøre Sport Holding. I B. S. Aure Sport, som driv intersport-butikken i Sykkylven, er dei deleigar.

Dette er Sunnmøre Sport Holding

Det lokaleigde Sunnmøre Sport Holding-konsernet omfattar ni – snart ti - Intersport-butikkar på Nordvestlandet.

Selskapa har ulike namn: Hofseth Sport og Straumane Sport i Ulsteinvik, Sport Ørsta og Straumane Sport Ørsta i Ørsta, Sport Volda i Volda, Sport Stryn i Stryn og B.S. Aure Sport i Sykkylven.

B.S.Aure Sport er deleigd, dei andre heileigde av Sunnmøre Sport Holding.

Intersport Moa og Intersport Breivika har kome til i mai i år. I august opnar Intersport Voldaportalen.

Største aksjonær er Steffen Kvalsvik Frøystad og Tore Hasund sitt selskap, Straumane Sport Holding, med 50 prosent av aksjane. Frode Hofseth eig 25 prosent gjennom sitt selskap Frode Hofseth As og Bjørn Valderhaug 25 prosent via Apoio Holding As.

Sunnmøre sport ørsta intersport foto ogne 11
SALSBOOM: Under pandemien auka sal av «alt» til tur og friluftsliv og bidrog til å gi sportsbransjen tidenes opptur. Foto: Ogne Øyehaug

Salsboom for turutstyr og elsyklar
Pilane peika opp for alle butikkane i konsernet i fjor. Både omseting og overskot auka for samtlege sju butikkar som då var med i den lokale sportskjeda.

– Eg trur det opplevdes ganske likt som i dei fleste sportsbutikkar med god vekst som følgje av pandemien på fleire felt, fortel Frode Hofseth.

I Ulsteinvik-butikken fekk dei salsboom for «alt» som hadde med tur og friluftsliv å gjere. Samtidig har auka sal av elsyklar bidrege til veksten under koronapandemien.

– Vi fekk også ein veldig bra vinter med godt skisal, legg Hofsteh til.

Samla omsetning for dei sju Intersport-butikkane i fjor var på kring 85 millionar kroner i 2021. Eit samla driftsoverskot på om lag 8,2 millionar, gir ein driftsmargin på tett oppunder ti prosent.

Intersport blåhuset foto marius 11
NEDGANG I SOMMAR: Sportsbutikkane merkar nedgang i salet i sommar samanlikna med det gode fjoråret. Elsyklar er mellom produkta som held volumet oppe. Foto: Marius Rosbach

Merkar nedgang i sommar
Denne veka kom tal frå DNB om nordmenn sin kortbruk, som viser at bransjar som møbel, elektronikk og sportsutstyr opplever ein nedgang i omsetninga, samanlikna med i fjor.

I kjølvatnet av pandemien har også den lokale sportkjeda merka at folk har fått andre ting å bruke pengane på.

– Nokre ting merkar vi ekstra godt nedgang på, som telt og alle friluftsprodukt. Det har med fleire ting å gjere; vi hadde ein kjempeboost i fjor, i år har folk fleire valmulegheiter når dei skal reise på tur – og i tillegg har vi hatt mykje dårleg ver, påpeiker han.

Då er det ikkje rart at mange ikkje lar seg frist av teltturar og at butikken ved juli månad ligg litt bak budsjett. Men Hofseth håpar at det snur – og i første omgang kryssar han fingrane for betre ver.

Nokre ting merkar vi ekstra godt nedgang på, som telt og alle friluftsprodukt
Frode Hofseth

Publisert: 22.07.2022 10:12

Sist oppdatert: 22.07.2022 23:42

Mer om