Lovar at laksen er oppdretta på fornybar kraft
Salmon Evolution inngår omfattande kraftavtale med Statkraft.
I mars startar lakseproduksjonen ved Salmon Evolution sitt landanlegg på Indre Harøy.
Selskapet opplyser no i ei børsmelding at ein har sikra ein avtale med Statkraft om leveransar av 100 prosent fornybar energi.
Salmon Evolution viser til at Statkraft er europas største leverandør av fornybar energi, og er heileigd av den norske staten.
God fastpris
Ifølgje avtalen skal krafta til oppdrettsanlegget på Indre Harøy kome via Statkraft sitt vasskraftanlegg på Grytten i Rauma kommune, rundt 60 kilometer frå Indre Harøy.
Salmon Evolution opplyser også at selskapet har inngått fastprisavtale for 2022 og 2023. Avtalen skal ifølgje selskapet vere inngått på svært gode kommersielle vilkår, og innanfor det som var estimert i budsjettet.
Målet til Salmon Evolution er å produsere kring 9000 tonn laks årleg når første byggetrinn er ferdig.
To vidare byggetrinn er planlagt og fullt utbygd skal anlegget produsere 31.500 tonn laks i året. Selskapet har tidlegare opplyst at dei kan bygge ut langt meir på staden om dei ønsker, og minst doble produksjonen.
Publisert: 21.12.2021 08:10
Sist oppdatert: 21.12.2021 08:23