Håkon andre berg salmon evolution foto marius daniel krokå 11
INDRE HARØY: Anlegget som skal ha sin første slakteklare laks klar mot slutten av neste år, tek form i Hustadvika kommune. Toppsjef Håkon André Berg jobbar i Molde, andre i leiargruppa jobbar i Ålesund - og no tilsett dei driftsoperatørar i Volda. Foto: Marius Rosbach/Daniel Krokå
Nytt

Mange vil jobbe med oppdrett på land

Salmon Evolution har tredobla talet på tilsette i oppstartsåret og skal bli langt fleire. Selskapet rekrutterer folk over heile regionen.

Marius Rosbach
22.10.2021

Første skritt på eit av dei største landbaserte oppdrettsanlegga i verda, er i ferd med å ta form rett sør for Bud på Romsdalskysten. I løpet av neste år skal første byggetrinn vere klart. Mot slutten av 2022 satsar Salmon Evolution å ha den første laksen slakteklar.

No er selskapet i full gong med å rekruttere tilsette som skal jobbe med sjølve drifta. Dei fleste skal jobbe ved anlegget på Indre Harøy, men nokre blir også tilsett ved smoltanlegget dei nyleg kjøpte i Volda.

– Vi har hatt veldig god respons på stillingane vi har hatt ute til no, fortel Vidar Skjørli som leiar organisasjonsbygginga i selskapet.

På sikt skal Salmon Evolution ha ein lang rekke ulike fagfolk.

– Etter kvart blir det behov for folk med ulike fagbrev og fleire typar høgare utdanning, fortel Skjørli.

Frå Romsdal til Volda
Sjølv om Salmon Evolution er heimehøyrande i Hustadvika kommune, famnar verksemda langt vidare.

Smoltanlegget i Volda er nemnt, medan administrasjonen frå januar neste år vil halde til i Elnesvågen.

Toppsjef Håkon André Berg jobbar sjølv i Molde, medan finansdirektør og kommersiell leiar har kontorplass på Pir-bygget i Ålesund.

Det er ein fare for at vi ikkje får med oss dei flinkaste folka om vi berre held oss til Nordmøre og Romsdal
Håkon André Berg
Berg forklarer strategien med å vere til stades i heile regionen slik:

– Det er eit viktig grep for oss. Vi er eit lite selskap med ambisiøse planar som har behov for folk på alle nivå og funksjonar. Det gjeld alt frå teknisk, drift, finans, sal og prosjektleiing. Då vi må rekruttere frå heile regionen, seier han.

– Det er ein fare for at vi ikkje får med oss dei flinkaste folka om vi berre held oss til Nordmøre og Romsdal. Når det gjeld dei kommersielle stillingane innan sal, marknad og finans, så er tilgangen på gode kandidatar betre i Ålesund, påpeiker Berg.
Vidar skjørli salmon evolution foto daniel krokå 11
STORE DIMENSJONAR: Vidar Skjørli framfor kara som snart skal romme oppdrettslaks. Moldensaren har den engelske tittelen «manager people & organization» i arbeidet med å rekruttere folk. Foto: Daniel Krokå

– Opplever å bli heia fram
I fjor på denne tida talde selskapet åtte tilsette. No er dei 27 personar og i løpet av året blir dei ein handfull til. Når anlegget er ferdig utbygd reknar dei med å sysselsette ein plass mellom 80 og 100 personar.

Ringverknadene frå satsinga er store. Dei største leverandørane av utstyr og teknologi er Artec Aqua og MMC First Process i Ålesund, som begge har sikra kontraktar i milliardklassa.

– Vi opplever å bli heia fram av regionen fordi verksemda skapar store ringverknader. Samtidig er vi privilegerte fordi det er ekstremt mange flinke folk i området, påpeiker Vidar Skjørli.

Siktar mot utlandet

Salmon Evolution har ambisjonar om å vekse utomlands og har kontrakt på sitt første anlegg i Sør-Korea. Då vil det vere behov for tilsette til å reise ut for å vere med på prosjektet.

– Når vi skal bygge anlegg i Sør-Korea blir en av suksessfaktorane at vi tar med oss den sterke kompetansen internt og i regionen. Det gjeld kompetanse både frå oppdrettsida og leverandørindustrien, fortel Skjørli.

Publisert: 22.10.2021 11:01

Sist oppdatert: 22.10.2021 11:11

Mer om