Salmon evolution kar byggetrinn 1 foto salmon evolution 11
STORE DIMENSJONAR: Karene som skal utgjere første byggetrinn tek form ved anlegget til Salmon Evolution i Hustadvika kommune. Foto: Salmon Evolution
Nytt

Store dimensjonar på oppdrettsanlegget

Kjempeanlegget med ein rekke investorar og leverandørar frå Sunnmøre tek form.

Marius Rosbach
13.04.2021

I desse dagar er Salmon Evolution i full gong med å montere dei første kara ved oppdrettsanlegget på Indre Harøy. Bilde frå arbeidet viser tydeleg dei enorme dimensjonane på landanlegget som skal bli mellom dei største i Europa.

Anlegget vil vere først i verda til å ta i bruk nettopp denne produksjonsløysinga og det er rekna ut at energiforbruket per kilo matfisk, er 30 prosent lågare enn samanliknbar teknologi.

Første slakting seint neste år
Målet er å produsere kring 9000 tonn laks årleg når første byggetrinn er ferdig. Planen er å ha første smolt i anlegget mot slutten av året, og at første slakting skjer mot slutten av 2022.

To vidare byggetrinn er planlagt og fullt utbygd skal anlegget produsere 31.500 tonn laks i året. Selskapet har tidlegare opplyst at dei kan bygge ut langt meir på staden om dei ønsker, og minst doble produksjonen.

Salmon evolution kar byggetrinn 1 foto salmon evolution 22
EITT AV EUROPAS STØRSTE: Når første byggetrinn er heilt ferdig til neste år, skal anlegget produsere kring 9000 tonn laks årleg. Foto: Salmon Evolution

Leverandørar og eigarar på Sunnmøre
Fleire leverandørar frå Sunnmøre er med på prosjektet. Artec Aqua i Ålesund er totalleverandør for anlegget, medan Møre Trafo i Sykkylven skal levere 11 transformatorar.

Salmon Evolution ble tatt opp til notering på Oslo Børs i september, med fleire investorar frå Nordvestlandet på eigarsida.

Også ved den siste kapitalutvidinga på 500 millionar i mars var mellom anna Ronja Capital (Roger, Anja og Robin Halsebakk), Rofisk (Odd Einar Sandøy), Frode Håkon Kjølås og Peder Stette med vidare.

Publisert: 13.04.2021 08:34

Sist oppdatert: 13.04.2021 08:52

Mer om