Lovord og ros til Ekornes
ROS: Havnefogd Ole Christian Fiskaa i Ålesundsregionens havnevesen håpar andre bedrifter lar seg inspirere av Ekornes sine resultat av satsinga på sjøtransport.
Nytt

Lovord og ros til Ekornes

Men få gjer som møbelkonsernet. Dei held seg til lastebilen.

24.01.2017
- Det er heilt utruleg bra at dei gjer dette, seier havnefogd Ole Christian Fiskaa i Ålesundsregionens havnevesen om Ekornes si omlegging frå veg til sjø.
Fiskaa lovprisar Ekornes si satsing på sjøtransport, sjølv om Ekornes skipar ut møblane frå eiga kai og ikkje frå kaiene han er sjefen for.

- Det er godt for miljøet, det er godt for konkurransekrafta i regionen, seier Fiskaa.

Laber interesse

Ekornes reknar med å spare rundt 10 millionar kroner i året når omlegginga av distribusjonen til kontinental-Europa er ferdig. Storparten av den innsparinga kjem av at sjøvegen har blitt den viktigaste transportvegen.
70 prosent av møblane går no med skip. Antal skipsanløp er dobla, frå eitt til to i veka. Det betyr 10-11 færre trailerlass i veka.
Fiskaa håpar andre bedrifter vil la seg inspirere.
- Når Ekornes ser at dei kan spare pengar på sjøtransport så må det vere andre aktørar som ser det same, seier han.
Men førebels er det få nye aktørar som har banka på døra og signalisert interesse for å ta sjøvegen, konstanterer han. Ein dansk transportør som var interessert i å få til eit opplegg som skulle sikre meir returtranssport til Ålesund er det Fiskaa har registrert sidan han tok over som hamnedirektør for litt over eitt år sidan.

- Gammal vane

-Det er alt for mykje lastebilar, seier dagleg leiar Arnfinn Ingjerd i Maritim Forum Nordvest om transportbruken til næringslivet på Nordvestlandet.
Også han er begeistra og full av lovord over Ekornes.
- Maritimt forum jobbar for at meir gods skal over på sjø. Det Ekornes gjer her er eit eksempel til etterfølgjing for andre eksportbedrifter på Sunnmøre, seier Ingjerd.
Men dessverre, slik Ingjerd ser det, er det få som gjer som Ekornes. Det går i lastebiltransport sjølv om Ekornes er eit eksempel på at sjøtransport løne seg, utan at frakta går tregare.
- Det gammal vane først og fremst. Det er sytalaust å gjere det du alltid har gjort, seier han.
Maritimt Forum meiner norske styresmakter må kome opp med ei stimuleringsordning retta mot vareeigarane for å stimulere dei - i staden for reiarlaga - til å velje sjøtransport heller enn lastebil.
Når Ekornes ser at dei kan spare pengar på sjøtransport så må det vere andre aktørar som ser det same

Publisert: 24.01.2017 12:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:05