Lundin avtalar for Island Offshore
LUNDIN-OPPDRAG: "Island Dawn" er klar for treårig oppdrag for Lundin Norway. Skipet er 84.45 meter langt, 17 meter breidt og har eit dekk på 800 kvadratmeter.
Nytt

Lundin-avtalar for Island Offshore

Island Offshore har fått fleire kontrakter med det svenskeigde oljeselskapet Lundin Norway. Og meir er på gang.

24.01.2014
- Ja, vi har svært mykje på gang, både med Lundin og med andre. Det er ein enorm aktivitet for tida, seier befraktningssjef Hallgeir Linge Reitan i Island Offshore.
Selskapet har nyleg inngått ein treårig avtale med ytterlegare opsjonar for det nye PSV-skipet «Island Dawn», eit skip som sist veke vart overlevert frå Vard Brevik.

Det ordnar seg

Skipet vart bygt på spekulasjon, men det ordna seg raskt med kontrakt.
- Vi har berre hatt avtale med eitt av våre 25 skip før levering. Det galdt brønnintervasjonsskipet «Island Wellserver». Resten har vorte bygde på spekulasjon, og det har ordna seg, seier Linge Reitan.

Nye avtalar

Han er svært glad for den nye kontrakten med Lundin Norway, eit selskap som har eit svært ekspansivt boreprogram på gang i Nordsjøen.
- Vi har fleire nye tilbod ute om oppdrag, og reknar med å lande fleire nye kontraktar snart.

Separate motorløysingar

Frå før har Island Offshore langsiktige avtalar for Lundin Oil for PSV-skipa «Island Crusader» og «Island Contender».
Reitan seier at Lundin Oil har vore spesielt tilfreds med løysinga desse to skipa har ved at det er to separate dieselmotorar og to separate gassmotorar.
- Dei miljømessige gevinstane viser seg å vere best ved slike separate løysingar.

Trur på PSV-marknaden

Det Ulstein-baserte selskapet er no på jakt etter fleire tilsette, og Hallgeir Linge Reitan spår høg aktivitet dei neste åra. Det gjeld også i PSV-marknaden, sjølv om det har kome til svært mange nye skip.
- Det viser seg at dei nye skipa vert absorberte i marknaden. For dei neste tre åra ser det faktisk bra ut, og det vil verte behov for endå fleire skip.
- Dette er noko som Island Offshore vil vere med på, samstundes som vi er også er aktive innanfor dei fem andre offshoresegmenta som selskapet har satsa på.
Det er ein enorm aktivitet for tida

Publisert: 24.01.2014 15:26

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:31