Lyse utsikter for nisjebutikkar i moebel
NISJE: Olav Rune Seljeset hos Tonning & Stryn monterer ein "Eidsvold-stol", en av modellane teikna av designar Alf Sture. Nisjebutikkar der kundane er opptekne av design og designarar er den viktigaste salskanalen for møblane frå Seljeset og kollegaene i Stryn.
Nytt

Lyse utsikter for nisjebutikkar i møbel

Det er gode utsikter for nisjebutikkane som nisjefabrikkane i møbelbransjen treng for å klare seg, meiner møbelsjef.

22.11.2014
Møbelprodusenten Tonning & Stryn sel storparten av møblane sine gjennom små uavhengige møbelbutikkar, og må finne seg nye kanalar om desse butikkane forsvinn.
Det treng dei ikkje vere redd for, meiner Oddbjørn Hatløy i møbelbransjens klyngesatsing, Norwegian Rooms. Dei store møbelkjedene si manglande satsing på kjende norsk designarar, skaper rom for dei nisjebutikkane som produsentar som Tonning & Stryn treng, slik Hatløy ser det.

Overlever

- Eg trur at dei (nisjebutikkane, red. merk) vil overleve, fordi vi i heile Skandinavia har fått ein struktur med veldig sterke kjedebutikkar som ikkje har nært samarbeid med norske produsentar eller leverandørar som satsar på designarar, seier Holmøy.
Tonning & Stryn lagar møblar som er teikna av kjende designarar som Alf Sture, Olav Eldøy og Andreas Engesvik.

Hatløy sitt poeng er at det er ei gruppe kjøparar i møbelmarknaden som er opptekne både av design og designarar, og som i liten grad finn det dei vil ha hos dei store kjedene.

Ulike resultat

Men om nisjebutikkane som gruppe vil overleve, er det ingen garanti for at alle gjer det.
Nokre av desse butikkane har ei kjøpegruppe som gjer at dei blir lite påverka av om konjunkturane svingar, medan andre er meir utsett.
- Kanskje den største av nisjekjedene, Hødnebø, forsvann i praksis med førre finanskrise, seier Hatløy.

Pur Norsk

Hatløy brukar Pur Norsk som døme på interessa for nisjebutikkar i møbel- og interiørbransjen. Butikken, som blei etablert i 2006, er ein kombinert nettbutikk og vanleg butikk - med butikklokale ved Bogstadvegen i Oslo.
Butikken satsar på reindyrka norsk design, og sel mellom anna møblar frå både L.K. Hjelle i Sykkylven og Alf Sture-design.
Den type samling av norsk design under eitt tak er meir vanleg i utlandet, men Hatløy skulle gjerne sett meir av det i dei større byane i Noreg og.

Publisert: 22.11.2014 06:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:39