I førre veke varsla det bondeigde meierikonsernet Tine at den planlagde nedlegging av meieria i Ørsta og Trefjord er utsett fordi planlegginga ikkje var god nok.
Nedlegging vart varsla i januar i fjor, med mål om at ei nedlegging innan tre til sju år.
Ventetida skulle mellom anna brukast til å lære dei tilsette på anlegga produksjonen skulle flyttast til å laga ostane som i dag blir produsert i Ørsta og Tresfjord.
Anlegget i Ørsta lagar ostane edamer og Kvitlin samt smøreosten Snøfrisk og andre smøreostar. I Tresfjord blir det laga riddarost og port salut. Planen var å samle all produksjon av slike og liknande ostar til anlegga Tine har på Byrkjelo, Jæren, i Verdal og på Storsteinnes.
Komplisert
Prosjekt Struktur Hvitost som det blir kalla viste seg imidlertid å vere meir komplisert enn Tine hadde sett for seg.
«I arbeidet med å konkretisere investeringene i Verdal og Byrkjelo ser vi at kompleksiteten er stor» og «vi trenger mer tid til å gjøre grundige vurderinger», seier konserndirektør for supply chain (forsyningkjeder, red merk). i Tine, Shaher Yar Khan i pressemeldinga om utsetjinga Tine sende ut i førre veke.
Men kva er det Tine veit no som selskapet ikkje hadde avklart i vurderingane før nedlegginga var varsla i fjor?
Selskapet har i alle fall dreg lærdom av prosessen og skal planlegge grundigare heretter, ifølgje ein e-post til NettNo sendt frå pressevakta i konsernet:
«Når vi nå går mer i detalj i arbeidet med investeringene i Verdal og Byrkjelo, ser vi at kompleksiteten er stor. Derfor er det viktig for oss å bruke mer tid på å gjøre grundige vurderinger før vi går videre.
Basert på erfaringene fra dette prosjektet vil vi endre våre rutiner for strukturprosjekter. Etter en utredningsfase kan det pekes på en anbefalt løsning, men denne må konkretiseres før en endring av struktur med tilhørende tidslinje besluttes. Konkretiseringen er viktig for ytterligere detaljering og kvalitetssikring av beregningene.»
Nedlegging er framleis planen
Sjølv om Tine skal rekne grundigare på gjennomføringa av ein konsentrasjon av produksjonen, ligg vedtaket om nedlegging framleis fast, ifølgje Tine.
«Inntil det arbeidet er ferdig, ligger tidligere vedtak fast, men tidslinjen for gjennomføring blir forskjøvet. Arbeidet med de videre vurderingene forventes å være ferdigstilt i løpet av siste del av 2026 og først da vil Tine ta stilling til videre fremdrift», heiter det i ein e-post frå pressevakta.
Publisert: 23.03.2026 05:00
Sist oppdatert: 23.03.2026 00:07






