Dette går fram av årsrekneskapen til Mørenot Holding, som er morselskap for ei rekkje selskap i det Søvik-baserte selskapet.
Totale driftsinntekter enda i 2013 på 641 millionar kroner, ned tre millionar frå 2013. Resultatet før skatt vart derimot nesten halvert til 8,2 millionar i 20913, mot 16,0 millionar i 2012.
Konsernet har totalt 485 tilsette, der 183 er kvinner.
Ser ein på dei større enkeltselskapa, var det Mørenot Aquaculture som sleit mest i 2013. Her vart resultatet før skatt på minus 6,1 millionar kroner av ei omsetning på 74 millionar.
Styret skriv i årsmeldinga at omsetninga har vore forholdsvis stabil med svingningar i forhold til fiskeprisar og lovverk. Konkurransesituasjonen er tilspissa med auka konkurranse og lavare prisar, men styret meiner selskapet er godt posisjonert med strategisk plasserte anlegg langs norskekysten og fleire stader i utlandet.
Det spanske selskapet har inngått femårsavtale med Andromeda Group for service og sal av oppdrettsnøter til gruppa sine spanske lokalitetar.
Frå før har Mørenot etablert seg i Canada, på Island og i Skottland.
For Mørenot Fishery enda omsetninga på 132 millionar kroner i 2013, ned frå 169 millionar året før. Resultatet før skatt vart på 2,3 millionar kroner, mot 6,1 millionar i 2012.
Styret skriv i årsmeldinga at omsetninga innanfor trål har vore relativt stabil, medan not har variert meir.
Også her er konkurransesituasjonen tilspissa, men styret meiner at selskapet er strategisk godt plassert og er posisjonert for vekst både nasjonalt og internasjonalt.
Mørenot Offshore er eitt av dei selskapa i konsernet der det vert satsa mest på fosking og utvikling, mellom anna knytt tyil selskapet si satsing mot seismikk.-
Les meir.
Totalt har konsernet kostnadsført 12,8 millionar på FoU i 2013.
Innanfor selskapet Mørenot AS har Mørenot-konsernet lagt produksjonen av notlin og tau, montering av garn, lagerhald og administrasjon. Det meste av produksjonen og tenestene vert vidarefakturerte til selskap i konsernet.
Denne delen av verksemda hadde 65 millionar kroner i driftsinntekter i 2013, ned frå 86 millionar året før.
Resultatet før skatt enda så vidt i minus, mot 4,2 millionar i pluss i 2012.
Selskapet Notvika eig 45,8 prosent av Mørenot-konsernet. Hovedkasjonærar i Notvika er Alf Hildre, Terje Ringstad og Per William Ringstad, som kvar eig 25 prosent av aksjane i selskapet.
Nest største aksjonær i Mørenot er Bodil R. Laverton med 8,3 prosent av aksjane.
Totale driftsinntekter enda i 2013 på 641 millionar kroner, ned tre millionar frå 2013. Resultatet før skatt vart derimot nesten halvert til 8,2 millionar i 20913, mot 16,0 millionar i 2012.
Konsernet har totalt 485 tilsette, der 183 er kvinner.
Ser ein på dei større enkeltselskapa, var det Mørenot Aquaculture som sleit mest i 2013. Her vart resultatet før skatt på minus 6,1 millionar kroner av ei omsetning på 74 millionar.
Styret skriv i årsmeldinga at omsetninga har vore forholdsvis stabil med svingningar i forhold til fiskeprisar og lovverk. Konkurransesituasjonen er tilspissa med auka konkurranse og lavare prisar, men styret meiner selskapet er godt posisjonert med strategisk plasserte anlegg langs norskekysten og fleire stader i utlandet.
Spansk satsing
I år har selskapet også kjøpt 100 prosent av det spanske seløskapet Delta Aqua Redes, eit selskap som har 25 tilsette og forventar å omsetje for rundt tre millionar Euro.Det spanske selskapet har inngått femårsavtale med Andromeda Group for service og sal av oppdrettsnøter til gruppa sine spanske lokalitetar.
Frå før har Mørenot etablert seg i Canada, på Island og i Skottland.
For Mørenot Fishery enda omsetninga på 132 millionar kroner i 2013, ned frå 169 millionar året før. Resultatet før skatt vart på 2,3 millionar kroner, mot 6,1 millionar i 2012.
Tilspissa konkurranse
Mørenot Fishery produserer og sel utstyr til norsk og internasjonal fiskereinæring og er lokalisert i Ålesund og Tromsø, i tillegg til hovedkontoret i Søvik i Haram.Styret skriv i årsmeldinga at omsetninga innanfor trål har vore relativt stabil, medan not har variert meir.
Også her er konkurransesituasjonen tilspissa, men styret meiner at selskapet er strategisk godt plassert og er posisjonert for vekst både nasjonalt og internasjonalt.
Satsar på forsking og utvikling
For Mørenot Offshore enda omsetninga i 2013 på 85 millionar kroner, mot 77 millionar året før. Rewsultatet før skatt vart i 2013 på 0,4 millionar kroner, ned frå 4,1 millionar i 2012.Mørenot Offshore er eitt av dei selskapa i konsernet der det vert satsa mest på fosking og utvikling, mellom anna knytt tyil selskapet si satsing mot seismikk.-
Les meir.
Totalt har konsernet kostnadsført 12,8 millionar på FoU i 2013.
Innanfor selskapet Mørenot AS har Mørenot-konsernet lagt produksjonen av notlin og tau, montering av garn, lagerhald og administrasjon. Det meste av produksjonen og tenestene vert vidarefakturerte til selskap i konsernet.
Denne delen av verksemda hadde 65 millionar kroner i driftsinntekter i 2013, ned frå 86 millionar året før.
Resultatet før skatt enda så vidt i minus, mot 4,2 millionar i pluss i 2012.
Solid eigenkapital
Mørenot-konsernet har elles ein solid eigenkapital på 254 millionar kroner, noko som utgjer ein eigenkapitaldel på 53 prosent.Selskapet Notvika eig 45,8 prosent av Mørenot-konsernet. Hovedkasjonærar i Notvika er Alf Hildre, Terje Ringstad og Per William Ringstad, som kvar eig 25 prosent av aksjane i selskapet.
Nest største aksjonær i Mørenot er Bodil R. Laverton med 8,3 prosent av aksjane.
Publisert: 06.08.2014 06:35
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:36