Moeretrygd siktar mot kraftig vekst
VEKST: Administrerande direktør Bjørn Harald Bakke i Møretrygd vil erobre 10 prosent av forsikringsmarknaden på Nordvestlandet. I dag opna han nytt kontorlokale i Volda, ved hjelp av mellom andre Volda-ordførar Jørgen Amdam (i bakgrunnen).
Nytt

Møretrygd siktar mot kraftig vekst

Møretrygd vil bli minst tre gangar så stort.

03.02.2016
Det langsiktige målet er å ta 10 prosent av forsikringsmarknaden på Nordvestlandet, seier administrerande direktør Bjørn Harald Bakke i Møretrygd.
Målet er å nå 400-500 millioner kroner i årlege premieinntekter for land- og sjøforsikring tilsaman innan 2030. Rundt 300 millionar kroner skal kome frå landsida. I dag har selskapet årlege premieinntekter på 150 millionar kroner, 64 av dei frå landsida.
- Vi har eit vedtak om at vi skal bygge eit fullstendig forsikringselskap på Sunnmøre, seier Bakke.
Vekstambisjonane omfattar også Nordfjord og deler av Romsdal, i følgje Bakke.

Toler kraftig vekst

Det 150 år gamle gjensidige forsikringsselskapet opna i dag nytt kontor i Volda. Volda er også staden der forløparen til selskapet , Voldens Brandsikringsforening, blei skipa i 1866. Undervegs er ei rekkje selskap samla i selskapet, og i 2007 slo Volda Branntrygdelag og Møretrygd - som opphavleg berre forsikra fiskebåtar - seg saman til eitt selskap.
Det første målet mot 2030 er å passere 100 millionar kroner i årlege forsikringspremiar frå landsida i 2020, i følgje Bakke.
Han seier selskapet har solid økonomi til å tole vekst. Med dagens eigenkapital kan selskapet nå ein milliard kroner i premieinntekter får det er behov for å styrkje eigenkapitalen.

Mindre fisk

Samlinga av Møretrygd og Volda Brannsikringslag var ein perfekt match sa Bakke då han opna Volda-kontoret i dag. Møretrygd var eit solid selskap, men mangla fotfeste på land. Volda Trygdelag hadde ein portefølje på land, men trong kapital.
Samanslåinga vart også starten på vegen mot å bli eit komplett, lokalt forankra forsikringsselskap.
Selskapet har tradisjonelt hatt forsikring av fiskeflåten som sin viktigaste marknad, men etterkvart som struktureringa av flåten har ført til færre farty har Møretrygd satsa tyngre på landsida.

Møretrygd har kontor i Volda, Fosnavåg og Ålesund. Selskapet har 23 tilsette.

Publisert: 03.02.2016 11:47

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:52