Den kroatiske forretningsmannen Tomislav Debeljak er dømt til å betale kring 120 millionar kroner etter at dei tidlegare verftsselskapa på Kleven gjekk konkurs sommaren 2020. Eitt år etter at buet etter Kleven Verft-konkursane hyra inn advokatar i jakta på verdiar, er dei framleis ikkje fått ei krone frå den tidlegare eigaren.
Likevel er bustyrar Bjørn Åge Hamre optimistisk til at arbeidet snart vil kome eit skritt vidare.
– Det går føre seg ein prosess med å ta utlegg eller beslag i aksjane hans i Div Group, fortel Hamre til Nett No.
Div Group er industrikonsernet til Debeljak i Kroatia, som mellom anna eig Brodosplit-verftet i Split.

– Vi veit at det er verdiar i konsernet
Hamre ventar at buet vil få grønt lys frå domstolen til å gjere eit slikt beslag i løpet av sommaren.
Hamre påpeiker at dei heile tida har vore budd på at arbeidet vil ta tid. At buet får beslag i aksjane, betyr at prosessen har kome eit steg vidare.
– Vi veit at det er verdiar i konsernet, men samtidig er det teke pant i desse. Difor er det uklart kva verdiar det vil tilføre buet, seier han.
– Det neste steget vil vere å forsøke å realisere verdiane, men det vil truleg gå lang tid enno får vi får svaret på om det er pengar å hente, legg Hamre til.
Forsikringsselskapet har gjort opp
Forsikringsselskapet Tryg blei også dømt til erstatning i saka, og har gjort opp for seg ifølgje Hamre.
Verftseigaren hadde teikna forsikring om styreansvar hos selskapet. Tryg har betalt om lag 50 millionar inkludert rente og omkostningar.
Det er tidlegare kjent at det er fleire kreditorar som er ute etter midlane til Div Group-eigaren.
Ulike versjonar av økonomien
Då erstatningssøksmålet gjekk for Gulating lagmannsrett hevda Debeljak sine advokatar at han hadde få midlar, gjekk på minsteløn og var forsørgjar for sju barn.
Konkursbuet sin advokat fortalde ei anna side av økonomien til forretningsmannen.
Dei viste til at Div Group hadde levert eit konsernrekneskap for 2023 som viste netto verdiar for nær tre milliardar – som Debeljak eigde halvparten av.
Dommen frå lagmannsretten var eit sviande nederlag for den tidlegare verftseigaren. Om pengane kjem inn er det mogleg at fleire selskap på Nordvestlandet som tapte pengar i konkursane, får noko tilbake.
Publisert: 11.05.2026 05:00
Sist oppdatert: 10.05.2026 19:44






