Libas
MAKRELL: Straume-båten Libas med 350 tonn makrell. Foto: Norges Sildesalslag/Petter Hepsøe
Nytt

Makrellfisket så vidt i gang

Libas med første fangst frå Smutthavet.

22.07.2022

Liegruppen sitt fartøy Libas har vore på leiting etter makrell både i Norskehavet og i internasjonalt farvatn. Onsdag fekk båten 340 tonn makrell i Smutthavet (området mellom Jan Mayaen, Svalbard og norsk økonomisk sone, red merk).

Fangsten vert no levert ved Pelagia Træna.

Torsdag har Færøy-båten Jupiter meldt inn 390 tonn, som også vert levert på Træna.


Mange utlendingar
Til Sildelaget opplyser Libas at det har vore dårleg vêr, slik at ein hittil ikkje har fått leita skikkeleg etter makrell i norsk sone.

Derimot vert det meldt om bra fiske i Smutthavet, der det er godt med utanlandske båtar, mest færingar og islendingar, men også eit par russerar.

Dei fleste norske fartøy vil truleg vente litt før ein kastar seg på makrellen.

Makrelltokt
Sildelaget opplyser at gjennomsnittsstørrelsen på Libas-makrellen er på 450 gram, og det var lite åte i fisken.

I tillegg til Libas, er båtane Vendla og Eros i gang med årets makrelltokt i regi av Havforskingsinstituttet.

Les meir frå første del av toktet her.

Publisert: 22.07.2022 11:31

Sist oppdatert: 22.07.2022 11:36

Mer om