Reke fangst Remøy mannskap foto Henning Flusund 11
GODT REKEFISKE: I løpet av 33 dagar håva mannskapet om bord på Remøy inn 900 tonn reke. Frå venstre: Sigvald Voldsund, David Lande, Sondre Myking, Johannes Nerland. Foto: Henning Flusund
Nytt

Rekordfangst på rekefiske

Herøy-båt med tidenes fangst, medan reiarlaget fekk eit nytt godt resultat og utbyte til eigarane.

Marius Rosbach
18.07.2022

Herøy-båten Remøy har levert tidenes største fangst med reke i Råfisklaget sitt området. Det opplyser salgsorganisasjonen i ei melding på si Facebook-side måndag.

900 tonn på 33 dagar
Fangsten etter eit 33 dagars tokt var på heile 900 tonn, og vart levert Troms Fryseterminal, der den blir selt til ein eller fleire kjøparar.

Kvart hal blir loggført, og det største i løpet av toktet inneheldt 15,2 tonn reke i ein omgang. Herøy-båten har om bord-produksjon der rekene blir skylt, sortert og fryst.

Råfiskelaget melder at det er fleire trålarar som fisker reke ved Svalbard nord i Barentshavet. Ifølgje Det internasjonale havforskingsrådet, er rekebestanden no på eit høgt nivå, og blir utnytta berekraftig.

(saka held fram under)

Reke fangst Remøy foto Erik Andersen Remøy Henning Flusund 11
REKORDFANGST: Halet til høgre var det største i løpet av toktet og inneheldt 15,2 tonn reke i ein omgang. Foto: Erik Andersen Remøy/Henning Flusund
Solid overskot og utbyte

M/TR Remøy-fartøyet er eigd av Remøy Havfiske Holding – tidlegare Fosnavaag Holding. Reiarlaget eig også MS Nordsjøbas som driv fiske med pelagisk trål.

Resultatet for 2021 viser ein liten nedgang i dei samla inntektene for reiarlaget til drygt 219 millionar. Resultatet gjekk også ned, men var framleis på nær 25 millionar før skatt (sjå tabell under).

Det gjorde at eigarane i morselskapet også i fjor tok utbyte på 7,45 millionar. Bak emøy Havfiske Holding står søskena Kristin Remøy, Olav Remøy og Beate Remøy Eggesbø, der dei to første eig mest av aksjane med kring 40 prosent kvar.

Remøy Havfiske Holding (konsern)

tidlegare Fosnavaag Holding.


Årsresultat (i mill kr)
2021
2020
Driftsinntekter
219,6
225,3
Driftsresultat
47,5

51,8

Resultat før skatt
24,6
34,9
Framleis få seglande kvinner

Det er sysselsett 49 årsverk i konsernet – dei aller fleste er menn. Trass sterkt fokus på likestilling, er det framleis få kvinner som satsar på maritim utdanning, påpeiker konsernleiinga i årsrapporten.

I fjor haust fekk Remøy installert katalysatoranlegg for reduksjon av Nox-utslepp og utstyr for å rensing av ballastvatn.

Fartøya til reiarlaget er bokført med ein verdi på kring 860 millionar. Eigenkapitalen i morselskapet er om lag ein kvart milliard – og samla gjeld er på 750 millionar.

Publisert: 18.07.2022 13:35

Sist oppdatert: 18.07.2022 16:28

Mer om