Gardermoen IKKE GJENBRUK FOTO NTB
GARDERMOEN: Avgangshallen på Oslo lufthamn Gardermoen etter at det vart klart at 900 SA-pilotar er tekne ut i streik. Foto: Beate Oma Dahle / NTB / NPK
Nytt

Mange frustrerte SAS-passasjerar

Køyrde frå Ålesund med familien for å rekke flyet. Så kom streikebeskjeden.

04.07.2022

Mange SAS-passasjerar fekk flyreisa si innstilt då selskapet måndag kunngjorde at 900 pilotar går ut i streik. Det har skapt kaos på flyplassar.

– Det er ein risiko for at ikkje alle kjem seg dit dei skal i det heile, og det er ein risiko for å bli stranda der du er, seier forbrukarjurist Thomas Iversen i Forbrukarrådet til NRK.

SISTE: Flyteknikarar varslar sympatistreik

Køyrde frå Ålesund
NRK og E24 har vore på Oslo lufthamn og melder om kaotiske tilstandar. Reisande fortel at dei ikkje har fått informasjon om reisene sine, og at det ikkje er nokon i SAS-skrankane til å hjelpe dei.

SAS-passasjeren Anne-Martha Sæter og familien med tre søner hadde køyrt med bil frå Ålesund for å rekke flyginga klokka 16, men fekk beskjed om at flyet var innstilt som følgje av streiken.

– Det er stengde skrankar og ingen som kan hjelpe oss med ombooking, seier ho til E24.

– Kundar ringjer i eitt sett
Iversen i Forbrukarrådet seier at ein ikkje skal ta sorgene på forskot, men vere førebudd på at reiser kan bli kansellerte, eller bli veldig forseinka.

Har ein bestilt ei pakkereise, tilrår forbrukarjuristen å ta direkte kontakt med selskapet ein har bestilt hos i staden for flyselskapet.

– Vi fekk det travelt då streiken var eit faktum. Kundar ringjer i eitt sett og lurar på korleis dei skal vere, seier kundebehandlar Ingeborg Steinsland i reisebyrået Berg Hansen til NRK.

Oslo-reisande hardast ramma
Streiken vil ramme rundt 250 avgangar og 45.000 reisande dagleg, ifølgje nyheitsbyrået TT.

Oslo lufthamn er den flyplassen som er hardast ramma av streiken blant flyplassane i Noreg.

Ifølgje VGs flyoversikt er 78 SAS-flygingar innstilte måndag, og om lag 30 av dei er frå Oslo lufthamn. Totalt 20 flygingar er førebels innstilte tysdag.

– Ikkje flyplasskaos
Pressevakt Øystein Løwer i Avinor seier at flytrafikken på Oslo lufthamn går som normalt trass i streiken.

– Ja, eg ville ikkje seie at det er kaos. Det er mange folk her fordi det er mange passasjerar som reiser med andre flyselskap enn SAS òg. Det er ikkje lengre ventetid enn det som er vanleg i denne sesongen, seier han til NTB.

Det er SAS som informerer og handterer reisande sine som no få innstilt flygingane sine. Løwer seier at SAS står klar idet ein kjem inn på Gardermoen for å rettleie passasjerar som er ramma av pilotstreiken.

(©NPK)

Publisert: 04.07.2022 17:15

Sist oppdatert: 04.07.2022 17:43

Mer om