Mange kan bli tekne ut i streik
Entreprenørselskap og andre industribedrifter mellom dei som kan bli råka.
(NPK-NETT.NO): LO vil ta ut nesten 23.000 medlemmer i første runde dersom det blir storstreik frå måndag
LO-leiar Peggy Hessen Følsvik orienterte riksmeklar Mats Ruland og motparten NHO om LOs streikeuttak tysdag ettermiddag.
Meklinga startar fredag
Meklinga startar fredag. Partane møtest til tvungen mekling fredag formiddag. Viss dei ikkje blir samde innan fristen går ut ved midnatt natt til søndag, kan det same dag bli streik.
22.947 LO-medlemmer kan bli tekne ut i streik – i første omgang. Ekornes, Vard Electro og Christie & Opsahl er mellom bedriftene på Nordvestlandet som kan bli teke ut i streik. Det same er ein rekke entreprenørselskap og andre industribedrifter med tilsette i ulike LO-forbund.
Sjå detaljert oversikt over LO sitt uttak (ekstern oversikt)
YS varsla tidlegare tysdag at nesten 1.500 medlemmer kjem til å bli omfatta av det første uttaket til organisasjonen. Det gjeld mellom anna ved Felleskjøpet i Ålesund og Volda og vekterselskapet Securitas i Ålesund.
Sjå detaljert oversikt over YS sitt uttak (ekstern oversikt)
Krev meir å rutte med
Både YS og LO krev å sikre arbeidstakaranes del av verdiskapinga og auka kjøpekraft.
Etter fleire år med reallønnsnedgang, må det takast grep for at arbeidstakarane ikkje skal sakke endå lenger etter prisutviklinga, krev dei.
– Norske arbeidstakarar har teke ansvar gjennom fleire utfordrande år for norsk arbeidsliv, med pandemi og høg prisvekst. No ser vi at mange bedrifter går veldig godt og overskota er høge. Målet vårt er å jamne ut forskjellar mellom folk og sikre at norske arbeidstakarar får sin del av verdiskapinga, seier LO-leiar Peggy Hessen Følsvik.
Publisert: 11.04.2023 19:04
Sist oppdatert: 11.04.2023 19:04