Mange saknar jobben og slit paa heimekontor
JOBB: Å gå på heimekontoret er blitt vanleg for mange nordmenn. 
Nytt

Mange saknar jobben og slit på heimekontor

Berre éin av fem jobbar betre heimanfrå enn på kontoret, viser ei ny undersøking.

16.04.2020
NPK-NTB-Bibiana Piene: Fleire kvinner enn menn har heimekontor.
På oppdrag frå Telenor har Kantar gjennomført ei spørjeundersøking etter at koronaviruset sende mange arbeidstakarar på heimekontor for drygt fire veker sidan.

Saknar jobben

Undersøkinga viser at dei fleste av dei 1.000 spurde seier dei har fått meir digital kompetanse og har vorte tryggare på arbeidsverktøy som digitale møterom.
Samtidig seier eit klart fleirtal, 80 prosent, at dei jobbar betre på arbeidsplassen enn heimanfrå.
– Digitale verktøy som videokonferansar og meldingstenester kan ikkje erstatte dei mellommenneskelege relasjonane. Det erfarer vi òg her i Telenor. Prosessane tek gjerne lengre tid når det som tidlegare vart løyst gjennom ein prat, no må forankrast via digitale løysingar, seier direktør Petter-Børre Furberg i Telenor Noreg.

Fleire kvinner

Undersøkinga viser òg at fleire kvinner enn menn har heimekontor. Nesten halvparten av kvinnene, 47,7 prosent, jobbar heimanfrå, mot 36,5 prosent av mennene.

Det er òg langt fleire som jobbar heime i Oslo enn i andre fylke.
– Her ser vi endå ein strukturell forskjell på type arbeidsplassar. Det er dei store offentlege verksemdene og selskapa som har base i Oslo, og desse er av røynsle best rusta for at medarbeidarane kan jobbe heimanfrå, seier Furberg.

– Mobilen sentral

Koronapandemien har òg vist tydinga av mobile løysingar: Helsedirektoratet bruker SMS for å nå ut med informasjon, kommunar bruker mobildata for å overvake hytteforbodet og butikkar tilrår Vipps- og kortbetaling av smittevernomsyn.
– Nordmenn er storforbrukarar av mobilløysingar. Krisa har vist oss at mobiltelefonen er sentral i smittekampen, seier Furberg.

Publisert: 16.04.2020 09:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:56