Stad skipstunnel illustrasjons kystverket 5
STOR INTERESSE: Kystverket opplyser at interessa er stor for å bygge den første skipstunnelen i verda, etter ein konferanse tysdag. Illustrasjon: Kystverket
Nytt

Mange vil byggje skipstunnel

80 leverandørar og entreprenørar frå inn- og utland kom til konferanse.

NPK
01.02.2023

(NPK): Over 160 representantar frå totalentreprenørar og andre leverandørar møtte opp då Kystverket arrangerte leverandørkonferanse for bygginga av Stad skipstunnel.

– Oppmøtet, engasjementet og tilbakemeldingane hittil viser at det er stor interesse for prosjektet, seier prosjektleiar for Stad skipstunnel i Kystverket, Terje Skjeppestad.

Kystverket arbeider med konkurransegrunnlaget for bygginga av skipstunnelen. Arbeidet er planlagt utlyst som ein stor totalenterprise med fast pris. Forventa tidspunkt for utlysing av arbeidet er etter sommaren 2023.

Skal førebu marknaden
Grunnlaget for leverandørkonferansen på Gardermoen var å førebu entreprenørmarknaden på den komande tilbodskonkurransen.

– Målsetjinga med konferansen var tredelt. For det første ynskte vi å presentere prosjektet gjennom tekst, bilete og film, pluss å få opp kunnskapen om skipstunnelen og det omfattande og spektakulære arbeidet som skal skje ute på Stadlandet. Vi ville også presentere detaljar rundt kontrakt, tilbodsgjennomføring og tekniske utfordringar. Ikkje minst gjer vi dette også for å få tilbakemeldingar og innspel til konkurransedokumenta våre, seier Terje Skjeppestad i ei pressemelding.

Håpar å skrive kontrakt i år
80 ulike leverandørar og entreprenørar frå inn- og utland var til stades på konferansen.

Totalt var det i overkant av 160 personar som kom for å sjå og høyre på det Kystverket hadde å fortelje om arbeidet med å byggje den første skipstunnelen i verda.

– Siste frist for entreprenørane til å gi skriftlege innspelt til dei mellombelse konkurransedokumenta er 15. februar. Etter den tid vil vi jobbar med å gjere ferdig tilbodsgrunnlaget. Målet er å få utlyst totalentreprisen i tredje kvartal i år, og moglegvis skrive kontrakt i tredje kvartal 2024, avsluttar Skjeppestad.

(©NPK)

Publisert: 01.02.2023 13:38

Sist oppdatert: 01.02.2023 13:49

Mer om