Marine Harvest pressar marginar
BLIR KONKURRENT: Med Marine Harvest Shipping blir konsernsjef Alf-Helge Aarskog konkurrent i servicebåtbransjen. Tilset shipping-sjef neste år.
Nytt

Marine Harvest pressar marginar

Går det som i fôrbransjen vil Marine Harvest sin inngang i servicebåtmarknaden presse lønsemda nedover for konkurrentane.

11.12.2015
Sjømatanalytikar Kolbjørn Giskeødegård i Nordea Markets seier at opninga av Marine Harvest sin fiskefôrfabrikk i Bjugn har ført til lågare marginar hos dei etablerte fiskefôrselskapa.
No vurdere Marine Harvest å etablere eit eige reiarlag for å eige og drive servicefarty, som brønnbåtar, fôrbåtar andre servicefarty. Det kan bety at marginane kan kome under press hos dei etablerte reiarlaga i bransjen, slik Giskeødegård ser det.

Skal eige

Marine Harvest stadfestar i ein epost at det er snakk om å både eige og drive båtar i eigen regi, dersom vurderinga selskapet har sett i gang endar med at det er fornuftig å ta større kontroll over fartyverksemda.

I dag leiger Marine Harvest slike tenester, frå fleire reiarlag. Brønnbåtreiarlaga Rostein på Sandsøya og Frøy Akvaservice på Hitra har til dømes brønnbåtar under bygging - hos høvesvis Larsnes Mek. og Fiskerstrand Verft - basert på langsiktige kontraktar med Marine Harvest. Sølvtrans i Ålesund har pr. i dag tre brønnbåtar på langsiktige kontraktar med Marine Harvest.

Etterlyste kostnadskutt

Meldinga om at Marine Harvest kan bli ein konkurrent kom delvis overraskande på brønnbåtbransjen i dag, sjølv om mange også hadde registrert tidlegare signal om at selskapet er ute etter å få kostnadane ned.

I eit intervju 19. november etterlyste konsernsjef Alf-Helge Aarskog i Marine Harvest kostnadskutt i brønnbåtbransjen.
- Krav til brønnbåtar er sterkt prega av å halde same standard som for offshore. Stor vekt på komfort og skiftordningar, er blant kostnadsdrivarane, sa Aarskog.

Publisert: 11.12.2015 09:59

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:51