Hans Petter Hildre hederspris foto Ogne
ÅLESUND: Professor og leiar for institutt for havromsoperasjoner og byggteknikk ved NTNU i Ålesund,, Hans Petter Hildre, fekk heidersprisen under klyngekonferansen onsdag. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Maritim heiderspris til NTNU-professor

Heider til Hans Petter Hildre under klyngekonferansen. Innovasjonsprisen gjekk også til ein NTNU-spinnoff.

Marius Rosbach
17.09.2025

NTNU-professor Hans Petter Hildre blei onsdag tildelt årets heiderspris under den maritime klyngekonferansen i Ålesund. 

Hildre fekk prisen for sitt årelange engasjement for å få «forsking, utdanning og næringsliv til å gå hand i hand», sa prisutdelar Njål Sævik. 

– Prisvinnaren har i sitt engasjement vore avgjerande for å skape møteplassar der akademia og industrien kan finne løysingar saman, sa Sævik. 

 Prisen delast ut årleg til ein person som har gjort ein ekstraordinær innsats for å fremme samarbeid og utvikling i den maritime klynga. 

  • Fleire saker frå klyngekonferansen under 

– Har vore ei fantastisk reise
– Det har vore ei fantastisk reise dei siste åtte åra, sidan Ålesund blei universitetsby og del av NTNU, sa Hildre då han takka for prisen.

– Eg er kjempestolt av kva vi har fått til på Campus Ålesund, la han til. 

– Vi har hatt ein filosofi frå første dag om å vere tett på næringslivet og arbeidslivet, og alle våre bachelor-oppgåver skal vere for ei bedrift, og det same med alle masteroppgåvene våre, fortalde Hildre. 

Dipai Andre Listou Ellefsen t h Oystein Nordli foto Ogne
André Listou Ellefsen (t.h.) og Øystein Nordli (t.v.) tok i mot årets «Blue Maritime Innovation Award» under klyngekonferansen. Foto: Ogne Øyehaug

Den maritime klynge avgjerande
Under konferansen blei også årets innovasjonspris delt ut. Den gjekk til Dipai som også har tilknyting til NTNU i Ålesund.

Selskapet sprang ut av doktorgradsmiljøet ved NTNU og har på kort tid blitt leiande i bruk av dataanalyse og kunstig intelligens i den maritime bransjen. 

Les meir om vinnarane her: Har fått nær 200 skip i porteføljen

Dipai-sjef André Listou Ellefsen understreka at den maritime klynga har vore avgjerande for utviklinga deira. Koplingane i miljøet har både lært dei «å lage butikk» av ideen deira, og gitt dei hjelp til å kommersialisere den, fortalde han. 

Kongsberg Maritime, Metizoft og Vard var dei andre nominerte til prisen. 

Meir frå klyngekonferansen: 

Publisert: 17.09.2025 16:23

Sist oppdatert: 18.09.2025 11:42

Mer om