2024 ble eit nytt år med vekst for Hovdenakk Maskinering i Åmdalen i Ørsta, som i fjor tok inn sin andre lærling.
Det betyr at andelen lærlingar utgjer heile 30 prosent av arbeidstokkken på 6,5 årsverk.
Det er vanskeleg å rekrutterere fagarbeidar og det er årsaka til at selskapet satsar så mykje på lærlingar, ifølgje dagleg leiar og medeigar Kjetil Hovdenakk. Han meiner det er ei vurdering han ikkje er åleine om, og at lærlingar blir viktigare og viktigare i rekrutteringsarbeidet.
– Det trur eg mange fleire har byrja å innsjå, seier Hovdenakk.
Inntektene til selskapet auka med 1,8 millionar kroner frå 2023 til 2024, og passerte 10 millionar kroner for første gang i fjor.
Det er meir enn ei dobling i omsetninga på fire år.
Samstundes vart lønsemda ei av dei beste selskapet har hatt (sjå tabell under).
Hovdenakk Maskinering as | ||
Tal i mill. kroner | 2024 | 2023 |
Driftsinntekt | 10,0 | 8,2 |
Driftsresultat | 1,6 | 1,2 |
Resultat før skatt | 1,5 | 1,1 |
Vekst og prisauke
Hovdenakk Maskinering har bedrifter i maritim industri som hovudmarknad.
I fjor var det spesielt vekst hos gir og propellprodusenten Brunvoll som gav Hovdenakk Maskinering meir å gjere. Levering til Brunvoll sto for opp mot halvparten av inntektene i fjor, ifølgje Hovdenakk.
Det er snakk om ein reell vekst, der Ørsta-bedrifta produserte meir enn før. Men ein del av inntektsveksten skuldast også at selskapet har sett opp prisane, ifølgje Hovdenakk.
Så langt i år ligg selskapet an til inntekter om lag som i fjor.
Familieigd og starta i reiskapshuset
Dreia og fresa metalldelar, der nøyaktigheita blir målt i 100-dels millimeter, er spesialiteten til selskapet.
Selskapet Hovdenakk Maskinering blei skipa av Olav Harald Hovdenakk i 2014, etter har han hadde drive med maskineringsverksemd sidan 1997.
I dag er selskapet eigd av barna, dagleg leiar Kjetil Hovdenakk (50,2 prosent), Anja-Olsen Hovdenakk (24,9 prosent) og Eva Hovdenakk Eriksen (24,9 prosent.)
Olav Harald Hovdenakk starta heime i reiskapshuset i 1997, samstundes som har dreiv gard og jobba i industrien. I 2002 avvikla han gardsdrifta og sa nokre år etter også opp hos Rolls-Royce, og satsa på heiltid.
Publisert: 28.03.2025 11:59
Sist oppdatert: 28.03.2025 11:29