Nybygg gir behov for fleire folk og lærlingar
Verftet rekrutterer på høggir - og håpar på oppsving i interessa hos dei unge.
Ved Myklebust Verft er det ikkje berre arbeidarane på båtane som er i full sving om dagen. Fleire nye oppdrag gir ein hektisk kvardag for Ida Bigset Storaker som er HR- og organisasjonssjef på verftet.
– Det å få jobbe med å oppbemanning og rekruttering i ein slik situasjon er det kjekkaste som finst, seier ho til Nett No.
Torsdag kom nyheita om det siste av fleire oppdrag med nybygg som Sande-verftet har sikra seg. To nye hydrogenferjer for Torghatten Nord – i tillegg til ein trålar til ein utanlandsk reiar og eit offshoreskip til Rem Offshore – er i ordreboka frå før.
Det å få jobbe med å oppbemanning og rekruttering i ein slik situasjon er det kjekkaste som finst
Rekrutterer på høggir
Verftet er allereie i gong med å tilsette fleire enn dei knappe 140 faste som jobbar på hjørnesteinsbedrifta i dag.
– Vi starta å rekruttere nye tilsette kring november i fjor og sidan er det tilsett 19 nye personar. Vi har fleire stillingar ute no, nokre som straks skal ut – og så blir det behov for fleire framover, ramsar ho opp når vi spør om behovet for folk.
HR-sjefen fortel at det har gått greitt til no å få tak på flinkefolk, men at ho merkar det er nokre fag i produksjonen der situasjonen er meir utfordrande.
– Vi har ein god blanding av søkjarar, mange kjem frå andre bransjar, medan nokre har vore i jobb hos oss før, fortel Storaker.
Vil ta inn fleire lærlingar
Dei nye oppdraga gjer at også behovet for lærlingar aukar. Fordi verftet ikkje hadde nybygg i fjor, har dei for tida to lærlingar i arbeid – mot «normalt» seks til åtte.
Lærlingansvarleg Håvard Gurskevik fortel at verftet no igjen vil søke etter fire nye lærlingar, og at dei er ute etter industrimekanikarar og røyrleggjarar.
– Det er utruleg mykje som skjer på eit verft og mange faggreiner som er i arbeid. Ein får også følgje produktet frå start til slutt, seier han om kvifor han synest bransjen er interessant.
Med betre tider og fleire nybygg, er verftet også sikre på at dei kan tilby arbeid på sikt. Dei håpar begge det vil bidra til å gjere den maritime industrien meir attraktiv for dei unge.
– Det er ei god moglegheit til å gjere seg nokre erfaringar, og finne ut kva dei meiner sjølv, seier Gurskevik.
Likar variasjonen og moglegheitene
Ute på verftsområdet møter vi Nicholai Berge Pettersen som snart er klar for å ta fagprøva i industrimekanikarfaget. Han er ikkje i tvil om kva som er kjekt med jobben.
– Variasjon og moglegheitene til å lære noko nytt kvar dag, svarar han kontant.
Den unge karen frå Herøy søkte seg til bransjen av interesse, og ser gjerne føre seg fast jobb på verftet når fagprøva er bestått.
– Eg håpar no på det, seier han - og ler medan han ser bort på lærlingansvarleg Gurskevik.
Vil truleg vere 500-600 i arbeid
I desse dagar har Myklebust Verft i hovudsak inne fartøy til kortare oppdrag og vedlikehald. Offshoreskipet Island Condor er unntaket, og verftet er no i gong med ei ombygging av offshoreskipet som skal kuttast i to og skøytast.
Når nybyggingsoppdraga kjem i gong, vil behovet auke betydeleg.
Administrerande direktør Leiv Sindre Muren anslår at det vil vere 500-600 personar i arbeid innafor portane når aktiviteten er på det høgste dei neste åra.
– Det vil vere svært bra trykk på verftet i periodane med utrustning av desse prosjekta i 2025 og 2026, seier Muren.
Det er likevel eit stykke opp til rekordaktiviteten under bygging av Grand Canyon-skipa til Volstad Maritime i Ålesund og verftet hadde med kring 1100 personar på verftet.
Publisert: 19.04.2024 09:59
Sist oppdatert: 19.04.2024 12:13