I kveld lanserer industridesignar Einar Hareide Maritime Partners nye stil på kundejulebordet i selskapet.
Maritime Partners modellpark femner om arbeidsbåtar for oppdrett og olje, militære patruljebåtar, redningsbåtar, brann- og losfarty.
Hittil er kvar båtmodell teikna for seg, utan noko klare fellestrekk som viser at dette er ein Maritime Partner-båt.
- Alle modellane kunne like godt vore laga av kvar si bedrift, seier dagleg leiar Peder R. Myklebust.
Det blir framleis rom for skreddarsaum, men Maritime Partner satsar på at kundane heller vil ha båtar som er bygd meir som byggesett.
Det handlar om merkevarebygging. Det er viktig også når kundane er bedrifter som først og fremst er på jakt etter nytteeigenskapar. Det handlar om å bli lagt merke til, og om alt anna er likt vil kundane kjøpe den båten som ser best ut, meiner Myklebust.
Myklebust frykta designprosjektet skulle fordyre båtane. I staden ser det ut til å bli omvendt.
For fenderar for eksempel, har leverandøren sagt at dei i første omgang kan redusere prisen med 25 prosent, fordi det no blir råd å lage standardiserte element i større seriar.
- Dette er veldig gøy for oss fordi det er mange som seier at design er veldig dyrt, seier Hareide.
Maritime Partners modellpark femner om arbeidsbåtar for oppdrett og olje, militære patruljebåtar, redningsbåtar, brann- og losfarty.
Hittil er kvar båtmodell teikna for seg, utan noko klare fellestrekk som viser at dette er ein Maritime Partner-båt.
- Alle modellane kunne like godt vore laga av kvar si bedrift, seier dagleg leiar Peder R. Myklebust.
Byggje merkevare
Slik ville han ikkje ha det lenger, og hyra inn Einar Hareide og Hareide Design for å gi skape ein utsjånad for alle Martime Partner-båtane. Heretter skal ingen vere i tvil om at det er ein Martime Partner-båt når dei ser ein.Det blir framleis rom for skreddarsaum, men Maritime Partner satsar på at kundane heller vil ha båtar som er bygd meir som byggesett.
Det handlar om merkevarebygging. Det er viktig også når kundane er bedrifter som først og fremst er på jakt etter nytteeigenskapar. Det handlar om å bli lagt merke til, og om alt anna er likt vil kundane kjøpe den båten som ser best ut, meiner Myklebust.
Modul-farty
Hareide har basert seg på ein modultankegang i utforminga av den nye utsjånaden. Det betyr at mange element er standardiserte, og blir brukt på alle modellane.Myklebust frykta designprosjektet skulle fordyre båtane. I staden ser det ut til å bli omvendt.
For fenderar for eksempel, har leverandøren sagt at dei i første omgang kan redusere prisen med 25 prosent, fordi det no blir råd å lage standardiserte element i større seriar.
- Dette er veldig gøy for oss fordi det er mange som seier at design er veldig dyrt, seier Hareide.
Publisert: 25.11.2016 16:51
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:04