Martini til rors i kystruten
Nye reiarsjefen hadde første arbeidsdag.
Mandag starta Bent Martini som ny administrerande direktør i Havila Kystruten, etter at karanteneperioda frå hans tidlegare arbeidsgjevar var gått ut.
Den nye Havila Kystruten-sjefen har bakgrunn frå Hurtigruten. I fjor haust gjekk han av som driftsdirektør etter smitteskandalen bord på MS Roald Amundsen.
Sævik trygg på valet
Styreleiar Per Sævik uttaler i ei pressemelding at han er glad for å få «ein ny leiar med dei kvalifikasjonar og kompetanse som trengst for å ta selskapet vidare».
– Vi hadde fleire sterke kandidatar, og er glade for å kunne ønskje Bent Martini velkomen og med på laget. Han har erfaring og kjenner bransjen samtidig som han er nytenkande og har levert gode resultat både innan organisasjons- og teknologiutvikling, uttalar Sævik.
Les også
Vekependlar til Herøy
Martini er busett i Asker og skal vekependle til Fosnavåg og hovudkontoret til Havila Kystruten på Mjølstadneset. Han har også erfaring frå Forsvaret og Klaveness-reiarlaget.
Arne Johan Dale har vore fungerande sjef for Havila Kystruten etter at Arne Myrvoll sa opp for å bli finansdirektør i brønnbåtreiarlaget Sølvtrans.
Aksjen gjekk ned måndag
Havila Kystruten blei notert på Euronext Growt-indeksen ved Oslo børs sist tysdag. Aksjen gjekk ned dei første dagane, men henta seg litt inn att mot slutten av veka.
Måndag ettermiddag gjekk aksjekursen ned, men selskapet er framleis prisa til kring 1,2 milliardar, om lag det same som emisjonskursen tidlegare i sommar.
Herøy-reiarlaget har avtale om å segle fire av dei elleve seglingane på kystrutestrekninga mellom Bergen og Kirkenes. Det første skipet er vente å legge ut på første seglas i slutten av september.
Publisert: 09.08.2021 15:21
Sist oppdatert: 09.08.2021 15:48