Havila Kystruten på børs i dag
Reiarlaget prisa til drygt 1,2 milliardar ved starten av handelen.
Herøy-selskapet Havila Kystruten blei tysdag notert på Euronext Growt-indeksen ved Oslo børs.
Det melder selskapet sjølv i ei pressemelding, medan Oslo Børs kom med ei børsmelding tysdag morgon. Børsmeldinga inneheld eit infoskriv om noteringa og selskapet, slik reglane krev.
Handelen ved Euronext Growt-indeksen opna klokka ni. Dei første Kystrute-aksjane blei omett for 25 kroner, rett under emisjonsprisen frå juli. Det prisar reiarlaget til 1,24 milliardar.
Dei siste dagane har vore hektiske for selskapet. Det var venta at første handelsdag skulle vere før helga, men det rakk dei ikkje, fortalde fungerande administrerande direktør Arne Johan Dale til NETT NO på torsdag.
Les også
Selskapet verdsett til 1,27 mrd.
Havila Kystruten gjennomførde i juli ein emisjon som tilførde selskapet 500 millionar friske kroner. Sævik-familien eig 60,4 prosent av aksjane etter kapitalutvidinga.
Aksjekursen i kapitalutvidinga blei 25,50, slik selskapet og rådgivarane gjekk ut med på førehand. Det verdset kystruteselskapet til 1,27 milliardar kroner.
Kapitalutvidinga i juli skulle sikre nok pengar til å gjere klar og å sette i drift skipa. Hovudkontoret skal framleis ligge på Mjølstadneset i Herøy, og Sævik-familien har planar om å eige halvparten av aksjane.
Første seglas i september
Selskapet har fire skip under bygging i Tyrkia. Det første skipet, Havila Capella, er venta å kome til Norge i løpet av dei neste vekene.
Skip nummer to, Havila Castor, er venta levert eit par månader etter det første skipet. Dei to neste blir etter planen levert i andre kvartal neste år.
Første rundtur Bergen-Kirkenes går etter planen 26. september etter at dei nødvendige sertifikata er på plass.
Forseinka med bygging
Bygginga av skipa har vore forseinka, og reiarlaget påpeiker at det framleis er fare for at nye forseinkingar grunna koronapandemien.
– Så snart vi veit meir, vil vi kome med ny informasjon, og vi kan forsikre alle reisande og andre interesserte at vi er utolmodige og gjer alt vi kan for å få skipa klare så raskt som råd, uttaler Dale i pressemeldinga.
I løpet av eit par veker reknar Dale med å få ei avklaring kring usikkerheiten om datoen for første seglas.
Sævik-familien eig i dag Havila Kystruten gjennom selskapet Havila Holding. Havila Holding eig 33,44 prosent i Bakkar og Berg Media as,. som gir ut NETT NO.
Publisert: 03.08.2021 08:18
Sist oppdatert: 03.08.2021 09:38