Havila Capella innfelt Arne Johan Dale foto Havila Kystruten 11
I TYRKIA: Havila Kystruten-sjef Arne Johan Dale var i Tyrkia då selskapet blei børsnotert tysdag. Her vart nyleg Havila Capella sjøsett og har vore ute på prøvetur. Foto: Havila Kystruten
Nytt

Følgde børsnotering frå Tyrkia

Pandemien gjer at tradisjonar må vike. Havila Kystruten blei notert på Oslo Børs via Youtube.

Marius Rosbach
03.08.2021

Havila Kystruten fekk ingen vanleg børsopning tysdag, slik tradisjonen tilseier når eit selskap blir notert. På same vis som andre selskap som er notert ved Oslo børs det siste året, fekk ikkje selskapet sine representantar møte i børshallen for å ringe i gong handelen.

Herøy-selskapet blei tysdag notert på Euronext Growt-indeksen ved Oslo Børs. Administrerande direktør Øivind Amundsen ved Oslo børs ringde med bjølla på ei digital Youtube-sending for å markere starten på handelen.

Ned nær ti prosent
Fungerande Havila Kystruten-sjef Arne Johan Dale er sjølv i Tyrkia for å følgje opp bygging av skipa til reiarlaget der. Dale fortel at han difor har følgd lite med på utviklinga den første handelsdagen.

På ein sommarstille marknad enda aksjen 9,8 prosent ned ut i løpet av dagen. Sluttkursen enda på 23 kroner som verdsett selskapet til 1,15 milliardar.

Oslo børs direktør Øivind Amundsen skjermdump oslo børs 11
YOUTUBE: Administrerande direktør Øivind Amundsen ved Oslo børs ringde med bjølla på ei digital Youtube-sending med bilde frå kystrutenstrekninga. Skjermdump: Oslo Børs på Youtube

– Vil bli ei bra historie
Havila Kystruten skal etter kvart segle fire skip på strekninga Bergen-Kirkenes, ei rute Hurtigruten i mange år har vore åleine om.

– Vi er eit selskap som førebels ikkje har båtar i drift, ,men vi har ein tiårsavtale med staten om å drifte denne strekninga - og analyser viser at det vil bli ei bra historie for investorane, kommenterer Dale til NETT NO.

23. september legg reiarlaget fram sin første kvartalsrapport.

Første seglas i september
Havila Capella blei nyleg sjøsett og første rundtur Bergen-Kirkenes går etter planen 26. september, men datoen er ikkje 100 prosent spikra enno.

Sævik-familien eig kring 60 prosent av aksjane etter ei kapitalutviding i juli. Emisjonen sikra pengar til å fullføre bygginga av dei fire skipa ved Tersan-verftet.

Treng kring 120 sjøfolk
Når skipet startar opp rundturane på strekninga Bergen-Kirkenes, avgjer passasjertalet kor stor besetning som vil vere om bord.

Maksimalt kan dei trenge nær 60 sjøfolk ved fullt belegg, gonger to skift. Dale reknar med at det skal gå greitt å få folk på plass, og påpeiker at dei har hatt god tid på å førebu seg.

Sjøfolka vil i første rekke vere tidlegare Hurtigruten-tilsette, som det er inngått avtale om tidlegare. I tillegg kan det bli noko behov for nytt mannskap.

– Det er ikkje planlagd noko oppbygging av administrasjonen, men når det gjeld sjøfolka, så vil vi rekruttere etter behov, fortalde Dale til NETT NO førre veke.

Publisert: 03.08.2021 16:59

Sist oppdatert: 03.08.2021 17:22

Mer om