Maraak Stoele inn Saevik ut
STYREPLASS: Møreforsking-direktør Elisabeth Maråk Støle går inn i styret i Sparebanken Møre.
Nytt

Maråk Støle inn - Sævik ut

Møreforsking-direktør Elisabeth Maråk Støle går inn i styret i Sparebanken Møre. Fiskebåtreiar Rita Christina Sævik frå Herøy går ut.

21.04.2016
Dette er klar etter vala på generalforsamlinga i banken onsdag.
Ålesundaren Maråk Støle har ein Executive Master of Management frå Handelshøyskolen BI og siviløkonom frå University of Strathclyde.
Ho er Støle direktør i Møreforsking og har hatt ulike leiarstillingar i internasjonale konsern som SafeRoad, Jotun, Telenor og SCA. I tillegg har ho mange års styreerfaring.
I styret vart det attval på Leif Arne Langøy som styreleiar og Roy Reite som nestleiar.

Kleven leier generalforsamlinga

I styret sit også Ragna Brenne Bjerkeset, Ann Margritt Bjåstad Vikebakk, Henrik Grung og Helge Knudsen (tilsetterepresentant).
Kleven-styreleiar Kjersti Kleven frå Ulstein vart samstundes vald til ny leiar i generalforsamlinga, med Kjell Martin Rønning, Valldal, som nestleiar.
Kjersti Kleven er også styreleiar for Ekornes-konsernet.

Publisert: 21.04.2016 14:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:55