Maskinsal foer konkurs meldt til O Ekokrim
VEKST OG FALL: Oppdrag med utbygging av ei E6-strekning i Gudbrandsdalen (biletet) gav sterk vekst for K.A. Aurstad. Etterpå krympa oppdragsmengda og store tap på eit E6-prosjekt i Trøndelag er hovudårsaka til konkursen i desember 2018.
Nytt

Maskinsal før konkurs meldt til Økokrim

Bustyrar har meldt salet av store deler av maskinparken frå konkursråka K.A. Aurstad til eit søsterselskap, til Økokrim. Salet skjedde på forretningsmessige vilkår, seier selskapet.

20.02.2020
Politianmeldinga kjem fram i den førebels siste bustyrerapporten frå advokat Håvard Wiker til Søre Sunnmøre Tingrett.
"I forbindelse med salget av de aktuelle eiendelene til søsterselskapet Aurstad Maskinutleige as, har boet imidlertid avdekket potensiell straffbar overtredelse av straffeloven paragraf 404. Straffebudet rammer visse handlinger som innebærer formuesforringelse ved insolvens. Den mulige straffbare overtredelsen består av salg til underpris, kort tid før konkursåpning. Boet så seg nødt til å anmelde ovennevnte forholdt til Økokrim, som følger opp saken videre" heiter det i årsredegjørelsen frå bustyret etter konkursen i enterprenørselskapet K.A. Aurstad.
Økokrim vil ikkje gi nokon kommentar, ut over at seie at Økokrim generelt korkje brukar å stadfeste eller avkrefte om Økokrim etterforskar ei sak.

Selde maskinparken

Det blei opna konkurs i K. A. Aurstad i Ørsta 6. desember 2018.
To månader før konkursen, 4. oktober 2018, selde selskapet "en rekke maskiner og utstyr til søsterselskapet Aurstad Maskinutleige" i følgje årsredegjørelsen.
Prisen var 20 millionar kroner. Det er denne handelen som er meldt til Økokrim.
Ut over salet av maskin og utstyr før konkursen har bustyret ikkje funne andre potensielle straffbare, erstatningsbetinga, kritikkverdig eller karantenebetingande forhold og ei heller avdekka potensielt omstøtlege disposisjonar, i følgje årsredegjørelsen.

Forretningsmessige vilkår

- Vi opplever det som ubehageleg at salet av maskinparken er politianmeldt, seier adminstrerande direktør Jo Stian Tverberg i Aurstadkonsernet.
Selskapet er ikkje samd i at salet skjedde til underpris. Selskapet gjennomførte ein open prosess og fekk både ei ekstern verdivurdering og hadde omfattande juridisk og økonomisk rådgiving gjennom heile prosessen, i følgje Tverberg.
- Vi gjorde på det tidspunktet alt som sto i vår makt for å redde selskapet og sikre kreditorane, seier han.
I dag har Aurstad Tunell, som er driftselskapet etter konkursen i K. A. Aurstad, over 80 tilsette og Tverberg seier selskapet treng meir folk.

Forhandla med bustyret

Bustyret ville ikkje godkjenne transaksjonen i oktober 2018 og meinte Aurstad Maskinutleige ikkje hadde oppnådd rettsvern for kjøpet av maskiner og utstyr, og at maskiner og utstyr difor var ein del av verdiane som tilhøyrde buet.
Etter omfattande diskusjonar og forhandlingar mellom buet at Aurstad Maskinutleige enda det med eit forlik 22. desember 2018. I forliket vart verdien av maskinene sett til 40 millionar kroner, og Aurstad Maskinutleige fekk behalde omlag ein fjerdepart av dei omstridde maskinene og utstyret for 9,5 millionar kroner.

Bustyret er ferdig med sal av maskiner og utstyr i buet. Salet har gitt omlag 44,9 millionar kroner til buet. Per i dag er det meldt inn 304 krav på tilsaman 588 millioner kroner etter konkursen.

Dreiv vidare

Ved konkursopninga hadde K. A. Aurstad 213 tilsette og var hovudselskapet i Aurstad-konsernet.
Etter konkursen dreiv konsernet vidare - men i mindre skala - gjennom Aurstad Maskinutleige og driftselskapet Aurstad Tunell, mellom anna takka vere forliket med bostyret.

Vi gjorde på det tidspunktet alt som sto i vår makt for å redde selskapet og sikre kreditorane

Publisert: 20.02.2020 10:21

Sist oppdatert: 04.05.2021 14:25