Tilgang på arbeidskraft var mellom fleire tema på årskonferansen til NHO Møre og Romsdal torsdag.
Foran ein fullsett sal fortalde regiondirektør Lene Trude Solheim i NHO og fylkesdirektør Stein Veland i Møre og Romsdal om eit samarbeid kalla «Arbeidskraftløftet».
– Det å ha arbeid betyr så mykje for både den enkelte og for samfunnet, sa Veland innleiingsvis.
Prosjektet blei lansert i fjor haust og målet er å få fleire inn i arbeidslivet og auke kompetansenivået i befolkninga.
Tilgang på folk har vore ei utfordring i fleire år, og i fjor var det 6 av 10 bedrifter i regionen som sleit med finne den rette kompetansen, ifølgje ei NHO-undersøking.

Eksempel frå fleire enn 30 bedrifter
Gjennom prosjektet skal bedrifter mellom anna få tilgang til tips korleis dei kan jobbe med å både rekruttere og behalde tilsette.
I samarbeidet har Nav og NHO knytt til seg kring 30 bedrifter som har kome med gode eksempel for korleis dei har lukkast.
– Vi håpar dette skal motivere og inspirere andre å vise fram noko av den verktøykassa som finst, sa Solheim.
Eit eksempel er Nordea som tok i bruk speed-intervju i si rekruttering. Slik fann dei nye tilsette som truleg ville fått sortert ut CV-en i ein ordinær prosess.
Mentor-tilskot er eit anna verktøy som er nytta fleire plassar, mellom anna hos Kongsberg Maritime i Ulsteinvik. Dei tilsette fleire unge som hadde vore utanfor arbeidslivet til å digitalisere arkivet sitt.
– Kanskje må dei senke krava
Nav-direktøren meiner det skjer mykje godt rekrutteringsarbeid i bedriftene, og at mange er kreative i prosessen. Samtidig blir ein del tvunge til å tenke alternativt.
– Kanskje må dei senke krava og samtidig bruke litt meir ressursar på internopplæring. Då kjem ein ofte i mål, sa Veland.
Bakteppe for prosjektet er ei aldrande befolkning og at mange i arbeidsfør alder er utan jobb.
På konferansen teikna Nav sin statistikksjef Ulf Andersen i Nav opp eit dystert bilde for tilgangen på arbeidskraft i regionen i framtida. Samtidig som han peika på det er mogleg å løyse.
Publisert: 06.02.2025 13:31
Sist oppdatert: 06.02.2025 21:20