Då Nordea skulle rekruttere fleire nye tilsette, tok dei mellom anna i bruk «speed-intervju» i rekrutteringa.
Det gav svært gode erfaringar – og fleire nye tilsette, som kanskje ikkje ville vore aktuelle elles.
– Det var ein utruleg effektiv og gøy måte å møte kandidatar, som eg veit gjerne ville blitt sortert vekk i ein vanlig søkeprosess, seier team manager Karoline Frøysa i Nordea.
Denne veka fortalde ho om banken sine erfaringar under eit digitalt innspelsmøte til Arbeidskraftløftet, eit samarbeid mellom NHO og Nav.
Målet er å få fleire inn i arbeidslivet og auke kompetansenivået i befolkninga. Bakteppe er ei aldrande befolkning og at mange i arbeidsfør alder er utan jobb.
Fekk møte fleire aktuelle kandidatar
«Speed»-intervju er eit av fleire grep bedrifter kan bruke i rekrutteringa av nye tilsette.
Slik kan arbeidsgivaren møte fleire aktuelle kandidatar, også dei som har «hol i CV-en», eller tilsynelatande ikkje passer til stillinga av andre årsaker.
Team-manageren i Nordea blei tipsa av Nav om moglegheita for «speed»-intervju. I løpet av få dagar fekk dei inn mange søkarar og fleire aktuelle kandidatar.
– Vi fekk møte folk som hadde dei gode personlege eigenskapane vi ønska, men som kanskje ikkje hadde den tradisjonelle økonomibakgrunnen vi ofte ser etter, seier ho.
Vi ville vite kva dei kunne bidra med, og kva person vi fekk på laget
Fann kandidatar som blei tilsett
I utgangspunktet møtte banken kandidatane på «speed»-intervjuet med eitt spørsmål: Kven er du?
– Sjølvtilliten til dei som har stått utanfor arbeidslivet kan vere prega av det. Nokre presenterer seg kanskje med den situasjonen. Men vi ville vite kva dei kunne bidra med, og kva person vi fekk på laget om vi satsa på vedkomande, fortel Frøysa.
Etterpå gjorde dei djupneintervju og bakgrunnsjekkar som vanleg, før dei gjekk vidare og tilsette fleire personar som dei møtte via «speed»-intervju.
Blei oppmoda til å tenke breiare
Under innspelsmøte fekk dei kring 50 deltakarane høyre om fleire moglegheiter til å tenke breiare når det gjeld rekruttering.
Nav-direktør Stein Veland i Møre og Romsdal fortalde at mange som står på utsida av arbeidslivet opplever at det er eit gap mellom kva kompetanse bedriftene ser etter, og kva kunnskap og eigenskapar dei kan tilby.
Veland påpeika at Nav kan hjelpe arbeidsgivarane på fleire måtar. Dei kan til eksempel bidra til å ta inn personar som ikkje oppfyller språkkrava i utgangspunktet, men som kan få språkopplæring i arbeid.
Hjelp til praktisk tilrettelegging
Lønstilskot og tilskot for at bedrifta kan ha mentorar for dei som kjem inn i bedrifta, er andre ordningar. Det finst også hjelp å få for å legge til rette for spesielle behov på arbeidsplassen.
Ann-Karin Bech-Gjerde i HR-avdelinga til Vard fekk ei god oppleving i møte med hjelpemiddelsentralen til Nav.
– Det kan vere å fjerne dører og sjå på praktiske løysingar på arbeidsplassen. Det er midlar som er lite brukt og eg opplever at det er lite info om det, fortalde ho.
Oppmoda til å melde inn behov
Bedriftene på innspelsmøte vart samtidig oppmoda om å kome med sine behov for rekrutteringa framover.
Thor Harald Sæther som er opplæringskoordinator for Nav i Møre og Romsdal, viste til at ny opplæringslov legg nye føringar, til eksempel for vaksenopplæring i bedriftene.
– Eg kunne tenkt meg innspel frå bedriftene om kva behov dokke har, og korleis vi skal legge opp tilbodet, sa han.
Publisert: 23.11.2024 05:00
Sist oppdatert: 22.11.2024 22:04