Meiner Cermaq braut avtalen
VOLDA: Jostein Nordbø er advokat for Måløy-selskapet MSC og meiner at det er Cermaq som skuldar MSC pengar - ikkje omvendt.
Nytt

Meiner Cermaq braut avtalen

Måløy-selskapet MSC meiner at det er oppdrettsgiganten Cermaq som skal betale erstatning, og ikkje dei sjølve.

25.09.2018
Cermaq krev inntil 14,3 millionar kroner frå MSC og komposittleverandøren Norpartners etter at den semilukka oppdrettsmerda Aquadomen havarerte under ekstremvêret Ole 7. februar 2015.
Cermaq meiner at det var produksjonsfeil i flyteringen rundt oppdrettsmerda som var årsak til havariet, medan Norpartners og MSC meiner at det var vêret som var årsaka ved at bølgjene var mykje høgare enn det Aquadomen var dimensjonert og godkjent for.

Men i retten viste MSC-advokat Jostein Nordbø til at dersom nokon skal betale erstatning, så er det Cermaq.

Felles prosjekt

Nordbø gjekk punkt for punkt gjennom kontrakten som Måløy-selskapet MSC og Cermaq inngjekk om å samarbeide om IFU-prosjektet (Industrielt forskings- og utviklingsprosjekt, red merk).
Han viste til at dei i fellesskap skulle utvikle, byggje og teste ein prototype i full skala, og at Cermaq skulle ha bruksrett og MSC eigedomsrett.
Innovasjon Norge støtta prosjektet med åtte millionar kroner, men der fire millionar er utbetalt, og dei resterande fire skulle utbetalast under vilkår av at prosjektet vart vidareført.
Men etter havariet vart det ikkje meir av samarbeidsprosjektet. Dette reagerte Nordbø på.
- Det er krav om at ei oppseiing av avtalen skal vere skriftleg med 14 dagars varsel. MSC har aldri fått noko oppseiing av avtalen.

Vurderer nytt erstatningskrav

I staden har Cermaq på eiga hand utvikla ei ny semilukka oppdrettsmerd til erstatning frå Aquadomen. Dette meinte Nordbø var i strid med avtalepunkta rundt misleghald og konfidensialitet.
- Ingen av partane kan nytte kunnskap eller informasjon som dei har fått kjennskap til gjennom prosjektet på annan måte enn det som står i avtalen.
- Skjer dette skal den part som står bak misleghaldet dekke tap og kostnader som følgje av misleghaldet, sa Nordbø, og varsla at han ville vurdere å kome med eit nytt erstatningskrav mot Cermaq.
Det kjem i så fall i tillegg til det motkravet som MSC alt har reist for retten.

Likeverdige partar

Cermaq meiner at MSC må svare for eventuelle produksjonsfeil som Fosnavåg-selskapet Norpartners har gjort, som leverte flyteringen rundt Aquadomen.
Dette avviste Nordbø.
- Dette er ein samarbeidskontrakt mellom Cermaq og MSC. Det er ikkje slik at MSC åleine svarar for samarbeidspartnerarar i produksjonen av Aquadomen.
- Det er heller ikkje inngått andre avtalar enn IFU-kontrakten der MSC og Cermaq er likeverdige partar.

Strid om forsikringsoppgjer

Nordbø meinte også at det vert feil når Cermaq hevdar selskapet har eigedomsrett til domen.
- Det er feil, og vi undrar oss også over at Cermaq har valt å sitje på heile forsikringsoppgjeret.
Etter havariet fekk Cermaq utbetalt 9,5 millionar kroner frå forsikringsselskapet Catlin, der Catlin også fråskreiv seg retten til regresskrav mot andre partar.
- Alle var i starten samde om at vêret var årsak til havariet, men då Cermaq fekk utbetalt forsikringssummen snudde plutseleg bildet seg, sa Nordbø.
Han sa at for MSC var det no viktig å kome seg vidare med prosjektet og byggje ein ny Aquadome.

Avviste insolvens

Han avviste også at selskapet var insolvent, slik at styremedlemane vart erstatningsmessig ansvarlege.
- Selskapet har brukt ein haug med pengar til forsking- og utvikling, og eit selskap er ikkje insolvent sjølv om gjelda er høgare enn verdiane. Her må ein også sjå på kva slags type gjeld som er i selskapet.
Rettssaka går for Søre Sunnmøre tingrett, der det er avsett fem dagar.
Alle var i starten samde om at vêret var årsak til havariet

Publisert: 25.09.2018 16:05

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:26