Meiner det er livsfarleg aa gaa i fella med groenvasking
DESIGNGRÜNDER: Industridesignar Monika Hestad i Brand Valley jobbar ofte med kundar heime på Sunnmøre. Torsdag var ho og Ulstein Group dei lokale innslaga ved konferansen på Giske.
Nytt

Meiner det er livsfarleg å gå i fella med grønvasking

Heilskap og evna til å stille grunnleggjande spørsmål er viktig for å bli oppfatta som heil ved, meiner industridesignar Monika Hestad. Sjølv har ho teke namnet til heimbygda - Brand Valley. 

Marius Rosbach
06.10.2019
Det er kring 20 år sidan Monika Hestad flytta frå heimbygda Brandal i Hareid og sette kursen for den store verda. Sidan har ho utdanna seg til sivilindustridesignar og teke ein doktorgrad i same tema. I dag leiar ho konsulentselskapet Brand Valley frå Oslo.
Bodskapen hennar til deltakarane på Industrial Design Conference (IDC) på Giske torsdag var at bedrifter må tenke heilskap når dei bygger merkevare og utviklar produktet.
– Det er viktig å ha ein tydeleg raud tråd i arbeidet med å bygge ei merkevare. Ein må stille seg spørsmål om kvifor ein lagar produktet og det må bli ein viktig del av historieforteljinga - som til slutt blir merkevara, fortel ho til NETT NO.
Hestad har jobba med same tema både i doktorgraden og den populære boka: «Branding and Product Design».

– Ein blir til slutt avkledd

Berekraft var tema for årets konferanse på Giske og innlegget til Hestad. Ho påpeika at heilskap i arbeidet med å utvikle eit produkt , hjelper merkevara til å bli oppfatta som «heil ved».

Hestad åtvara mot å hamne i fella med «grønvasking».
– Det skal ein vere veldig forsiktig med. Ofte har merkevarebygging handla om å bygge merkevara i reklame, og eg vil seie det er livsfarleg å tenke slik. Då kler ein på seg eit grønt image - men ein blir til slutt avkledd, slår ho fast.
Ho rår selskap å gå til kjerna ved verksemda og stille spørsmål som: Kvifor er denne bedrifta til, kvifor lagar vi produkt og kva utfordringar skal dei løyse.
– Ved å ha svar på slike spørsmål, kan ein klare å bygge ein merkevare som er berekraftig, seier ho.

Jobbar med lokale bedrifter

Hestad jobbar med fleire bedrifter heime på Sunnmøre, mellom anna Fora Form og møbelfabrikanten Helland Møbler, der ho også er styremedlem. Å kome heim til ein møteplass som industridesignkonferansen – og halde innlegg for det ho brenn for - synes ho er stas.
– Og det er mykje spennande bedrifter i regionen som er opptekne av innovasjon, merkevarebygging og berekraft. Og mange av bedriftene har også musklar og ambisjonar om å gjere noko med det, fortel ho.
Ho påpeiker samtidig at næringslivet i regionen har ei utfordring ved at ein framleis er for avhengig av utviklinga i oljeindustrien.
– Industrien opplever sjølv at dei treng fleire bein å stå på. Det gjeld både i forhold til eit berekraftperspektiv, men også for å ha inntektsstraum frå fleire næringar. Det å ha bedrifter som jobbar i ulike bransjar, trekk også til seg ulike type folk. Det gir igjen eit meir variert arbeidsliv, både for kvinner og menn, seier ho.

Mer om IDC-konferansen:







Publisert: 06.10.2019 05:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:40