Meiner fiskerinaeringa kan laere av feila i offshorebransjen
POD CAST-GJEST: Da Optimar Stette-sjef Håvard Sætre (innfelt) gjestet pod cast-en Podium sammen med Olav Holst-Dyrnes, kom det fram at begge savnet lokalt eigde lokomotiv i næringslivet. 
Nytt

Meiner fiskerinæringa kan lære av feila i offshorebransjen

Andre ting enn nasjonaliteten til eigarane er viktig, meiner Optimar Stette-sjef Håvard Sætre - men både han og tidlegare Ekornes-sjef, Olav Holst-Dyrnes, saknar eit lokalt lokomotiv.

Marius Rosbach
05.06.2020

Optimar Stette-direktør Håvard Sætre var saman med tidlegare Ekornes-sjef Olav Holst-Dyrnes, gjestar i pod casten Podium denne veka. Internasjonalt eigarskap var tema, men Sætre påpeiker at det er andre ting som er viktige enn kva land eigarane kjem frå.

Håvard Sætre starta som gründer av Haram Elektro som blei selt til Aker-systemet, og seinare hamna på italienske hender som Vard Electro. I dag er han administrerande direktør i Optimar Stette, som for kring to og eit halv år sidan blei kjøpt opp av tyske Franz Haniel & Cie.

Sætre meiner mellom anna at hans eigen bransje kan lære av feila som blei gjort av offshorebransjen.

– Produktutviklarane gjekk frå selskap til selskap. Kva verdiskaping gav det til clüsteret her, spør Sætre – og meiner svaret er «ikkje mykje».

Optimar Stette-sjefen meiner det ville vore ein betre framgangsmåte, om selskapa la noko av sin eigen «plattform» i botn for samarbeid med andre, og at ein ville fått til «mykje, mykje meir». Nettopp det meiner Sætre at fiskeribransjen gjer vel å lære av, og han peiker på at utstyrsleverandørane til fiskeriet framleis er i ein tidleg fase industrielt.

– Fiskeribransjen har eit potensial som er enormt, men kan ta lærdom av mykje av det som skjedde med offshorenæringa. Dei kan lære av feila og ta det med seg inn i fiskerinæringa, meiner han.

Du kan høyre heile pod cast-episoda her (trykk for å gå til ekstern spelar)

Saknar lokaleigde lokomotiv
Håvard Sætre etterlyser lokaleigde lokomotiv på Sunnmøre som kan «gå i front» når det gjeld å utvikle region – og selskap.

Olav Holst-Dyrnes seier seg samd i det: – For augneblinken har nokre av dei store lokomotiva vi har hatt her det tøft, både på reiarsida, utstyrssida og verfta. Det påverkar oss nok, men vi får heie på dei som skal kome opp og ta den posisjonen i åra som kjem – og som kanskje ikkje held på innan verft eller møbelindustri, men noko anna, seier Holst-Dyrnes.

Fleire har påpeika at auke internasjonalt eigarskap, er eit teikn på at næringslivet på Nordvestlandet er attraktivt. Sætre viser til at ein medverkande faktor bak kjøpet av fleire lokale bedrifter, kan vere at dei «får klynga på kjøpet».

God førebuing avgjerande i Ekornes-salet
Under Olav Holst-Dyrnes tid i sjefsstolen i møbelkonsernet Ekornes, blei bedrifta i 2018 selt til kinesiske Quimei Group. Suksessfaktoren for at Ekornes-salet skjedde utan store kontroversar, meiner han har å gjere med gode førebuingar før nyheita blei kjent. Då journalistane starta å spørje var organisasjonane drilla i kva som var målet og bakgrunnen for kjøpet.

Ein stor kulturskilnad mellom Norge og Kina, er at nordmenn er vande med å ha tillit til kvarandre når vi møtast.

– I Kina er det motsett, du startar med null, seier Holst-Dyrnes og fortel at ein først må opparbeide seg den tilliten, før ein kan gjere business.

Har lært av nye eigarar
Holst-Dyrnes legg ikkje skjul på at den tradisjonsrike fabrikken frå møbelbygda Sykkylven, har hatt noko å lære av sine nye eigarar, og fortel om designprosessar som er utført på rekordtid – samanlikna med korleis Ekornes har vore vande med å jobbe.

– Dei dei gjorde på åtte månader, ville teke oss tre år, seier Holst-Dyrnes i pod casten.

Hos Håvard Sætre i Optimar Stette har dei også lært av sine tyske eigarar. Han meiner det viktigaste er å sette resultatmål i heile organisasjonen som er knytt til strategi.

– Ein må også ha som utgangspunkt at nye eigarar har gode intensjoner og har tru på selskapet, seier han.

Du kan høyre heile pod cast-episoda her (trykk for å gå til ekstern spelar)

Podium er ein podkast om og for næringslivet på Sunnmøre og Nordfjord, frå NETT NO i samarbeid med ADVISO og Pir. Podcasten er eit annonseprodukt.

Kvar episode har to nye gjestar frå det regionale næringslivet som diskuterer aktuelle tema, og sendinga er leia av Olav Sindre Kriken. I denne episoden er Ingvild Vartdal co-host. Podkasten er produsert av Jørgen Bakken og Jan Ivar Wolstad.

Tidlegare episodar:

Jan Rune Hurlen SB1 SMN og Trond Nydal Sparebanken Møre om bank, krise og samfunnsliv.

Ante og Lars Giskeødegård - Momentium i krise

Espen Remme frå NHO, og Helge Gjerde frå Innovasjon Norge kommenterar redningspakkane frå regjeringa.

Ole-Reinhart Notø om force majeure og utfordringar næringslivet står i no i koronakrisa.


Produktutviklarane gjekk frå selskap til selskap. Kva verdiskaping gav det til clüsteret her

Publisert: 05.06.2020 08:45

Sist oppdatert: 11.06.2021 14:33

Mer om