Meiner fleire boer sjaa til Ulstein
ROS, MEN IKKJE PRIS: Representantar frå Ulstein kommune på konferansen «Fremtidens kommuner» i Arendal fredag. På bildet frå venstre: kommunalsjef Gry Nordal, ordførar Knut Erik Engh, rådmann Verner Larsen og kommunalsjef Marit Botnen. 
Nytt

Meiner fleire bør sjå til Ulstein

Juryen for nasjonal nyskapingspris peiker på godt samarbeid med næringslivet

Marius Rosbach
07.06.2019
Ulstein kommune fekk ikkje Innovasjonsprisen 2019, men er stolte over at dei vart nominert.
– Gratulerer til Trondheim kommune, skriv Ulstein kommune på sine etter at trønderane fekk prisen under ein konferanse i Arendal fredag.

Rosar samarbeid

Juryen hadde likevel fleire godord å kome med til Ulstein kommune for samarbeidet med næringslivet.
– Andre kommunar bør sjå til Ulstein og korleis de samarbeider med næringslivet for å møte morgondagens rekrutteringsutfordringar, er ei av meldingane frå juryen.
Dei meiner kommunen viser korleis ein skal samarbeide samanhengande og på tvers av sektorar, ved å involvere både næringsliv og innbyggjarar.
– Juryen rosar derfor Ulstein kommune for deira satsing på framtidig innovasjonskraft, heilskapleg tankegang og arbeid for å spreie dei gode ideane, heiter det.

Tre kommunar nominerte

Kommunal- og moderniseringsdepartementet deler ut prisen ein gong i året. Prisen skal inspirere til nyskaping og økt innovasjonskraft i heile kommunesektoren.
20 kommunar vart vurderte i år og Ulstein er ein av tre kommunar som vart nominerte.
Les meir:


Publisert: 07.06.2019 12:54

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:35