(NPK): Selskapa vil kutte i flyruter, og NHO meiner dette vert dyrt for utkantane.
Dei norske selskapa reknar no på kva for ruter dei vil kutte i, og direktøren for samfunnskontakt i SAS, Ove Myrvold, stadfestar for NRK Dagsrevyen at dei minste flyplassane er mest utsette.
– Dette vil råke heile landet, men det vil svi mest på dei små stadane med låg flyfrekvens, seier han.
– Mange verksemder i utkant-Noreg er heilt avhengige av flyruter, og avgifta vert ei monaleg auke i kostnadar, seier administrerande direktør Kristin Skogen Lund i NHO.
Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) ville ikkje kommentere avgifta overfor NRK. (©NPK)
Dei norske selskapa reknar no på kva for ruter dei vil kutte i, og direktøren for samfunnskontakt i SAS, Ove Myrvold, stadfestar for NRK Dagsrevyen at dei minste flyplassane er mest utsette.
– Dette vil råke heile landet, men det vil svi mest på dei små stadane med låg flyfrekvens, seier han.
Ber om utsetjing
NHO bed om at vedtaket vert utsett til 1. november neste år, slik at ein kan få betre greie på kva for konsekvensar avgifta vil gje.– Mange verksemder i utkant-Noreg er heilt avhengige av flyruter, og avgifta vert ei monaleg auke i kostnadar, seier administrerande direktør Kristin Skogen Lund i NHO.
Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) ville ikkje kommentere avgifta overfor NRK. (©NPK)
Mange verksemder i utkant-Noreg er heilt avhengige av flyruter
Publisert: 30.11.2015 11:54
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:50