Meiner flyseteavgift raakar distrikta
AVGIFT: NHO er redd for flykutt i distrikta på grunn av den nye flyseteavgifta. Her eit Widerøe-fly ved Ørsta Volda lufthamn på Hovden.
Nytt

Meiner flyseteavgift råkar distrikta

Flyselskapa og NHO meiner flyseteavgifta vil råke distrikta, ifølgje NRK.

30.11.2015
(NPK): Selskapa vil kutte i flyruter, og NHO meiner dette vert dyrt for utkantane.
Dei norske selskapa reknar no på kva for ruter dei vil kutte i, og direktøren for samfunnskontakt i SAS, Ove Myrvold, stadfestar for NRK Dagsrevyen at dei minste flyplassane er mest utsette.
– Dette vil råke heile landet, men det vil svi mest på dei små stadane med låg flyfrekvens, seier han.

Ber om utsetjing

NHO bed om at vedtaket vert utsett til 1. november neste år, slik at ein kan få betre greie på kva for konsekvensar avgifta vil gje.
– Mange verksemder i utkant-Noreg er heilt avhengige av flyruter, og avgifta vert ei monaleg auke i kostnadar, seier administrerande direktør Kristin Skogen Lund i NHO.
Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) ville ikkje kommentere avgifta overfor NRK. (©NPK)
Mange verksemder i utkant-Noreg er heilt avhengige av flyruter

Publisert: 30.11.2015 11:54

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:50