Tjeldbergodden foto Tjeldbergodden
PÅLEGG: Equinor har fått fleire pålegg etter brannen ved Tjeldbergodden i fjor. Foto Tjeldbergodden.com
Nytt

Meiner liv kunne gå tapt på Tjeldbergodden

Granskingsrapport etter brann viser alvorlege brot på reglane.

24.06.2021

(NPK-NTB). Petroleumstilsynet meiner brannen på Equinors anlegg på Tjeldbergodden i desember i fjor, hadde potensial til å bli ei storulykke der liv kunne gå tapt.

Det kjem fram i Petroleumstilsynets (Ptil) granskingsrapport etter brannen i Møre og Romsdal 2. desember i fjor.

«Granskingen har identifisert alvorlige brudd på regelverket og vi har nå gitt pålegg til Equinor», skriv Ptil i rapporten. Også den interne granskinga av brannen på Equinor-anlegget viser at brannen kunne gitt eit svært alvorleg utfall.

Brannen vart sløkt etter ein times tid og ingen vart skadde i hendinga.

Kunne medført eksplosjon
Ifølgje Equinor starta brannen då ein dampturbin ikkje stansa som han skulle, men heller auka farten. Dette førte til at tunge metalldelar vart slyngde ut og slo hol i ei røyrlinje med smørjeolje til turbingeneratoren. Smørjeolja antende og forårsaka brannen.

Metalldelane har òg vorte slyngt med stor kraft gjennom veggene på kompressorhuset, og kunne treft personell på utsida av bygget.

«De flygende komponentene har også truffet syntesegassanlegget som også er lokalisert i kompressorhuset. Dersom dette hadde medført en lekkasje av syntesegass, kunne det ha medført en eksplosjon og/eller en større brann», heiter det vidare.

Fleire avvik
Vurderinga til tilsynet er at hendinga hadde potensial til å bli ei stor ulykke, som kunne medført alvorleg personskade eller død, og dessutan betydeleg økonomisk tap.

Petroleumstilsynet har avdekt fire avvik frå regelverket:

  • Mangelfull identifisering av tryggingsfunksjonar, oppfølging av teknisk integritet og barrierefunksjon
  • Oppfølging av systemet
  • Dokumentasjon
  • Tryggingsavstand til brannstaden ikkje etablert

Tilsynet har gitt Equinor pålegg om å «identifisere, iverksette og følge opp tiltak for å sikre at utstyr med sikkerhetsfunksjon blir identifisert og klassifisert for å sikre korrekt oppfølging av funksjon og håndtering av svekkelser for å ivareta sikker drift».

(©NPK)

Publisert: 24.06.2021 11:46

Sist oppdatert: 24.06.2021 11:53

Mer om