Kjetil nesset vik ørsta foto marius 11
ØRSTA: Kjetil Nesset leiar Vik Ørsta, som er det største selskapet i Saferoad-konsernet , som mellom anna lager lysmaster og midtdelarar til vegar. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Meiner Norge er for feige

Stålbedrifta Vik Ørsta meiner styresmaktene kan gjere meir for å hjelpe norsk industri og etterlyser fleire krav ved offentlege innkjøp.

Marius Rosbach
24.08.2021

Vik Ørsta-sjef Kjetil Nesset var mellom bedriftsleiarane på søre Sunnmøre som tysdag fekk ein tverrpolitisk delegasjon på besøk.

Han nytta anledninga til å påpeike det han fann vanskeleg å forstå: At det ikkje blir stilt miljøkrav til leveransar til vegprosjekt.

– Norge er for feige når det kjem til handelsavtalar, sa Nesset og meinte norske styresmakter hadde fleire verktøy til å hjelpe industrien - som dei ikkje tek i bruk.

Legg ikkje vekt på miljø
Nesset trekte fram eit døme med ein bolt produsert i Kina – som er ein eksakt kopi av eit produkt frå Ørsta-bedrifta. Når det kjem til miljørekneskapen er det likevel stor skilnad, og Nesset anslår at «Kina-bolten» har minst ti gongar høgare CO2-avtrykk.

– Men normalen er at slik ikkje tel nokon ting, og det er ikkje ein gong med i vurderinga når det skal veljast entreprenør som skal bygge ein ny veg, fortel han.

Så lenge det er moglegheiter i regelverket til å sette slike krav, synest Vik Ørsta-sjefen det er vanskeleg å forstå kvifor det ikkje gjerast.

– Dette må vi kome vekk frå
NHO-direktør Espen Remme påpeika at regelverket opnar for å legge inn slike krav som Vik Ørsta-sjefen etterlyser.

– Stadig fleire bedrifter investerer for å utvikle produkta sine, også blir dei ikkje vurdert fordi eit anna produkt er billigare. Dette må vi kome vekk frå. Om vi vil at næringslivet vårt skal vere innovative og utviklingsorientert, så må vi vere villige til å betale for det, sa Remme.

Han påpeika at det offentlege kjøper inn for kring 600 milliardar kroner årleg, som kan utgjere solide inntekter for mange bedrifter.

Orten: - Går for seint
Helge Orten (H) har leia transportkomiteen på Stortinget og var samd med Vik-Ørsta-sjefen om at det var behov for endringar på dette feltet.

– Eg er heilt eining i at det går for seint, men det er ting på gong, men det handlar mest om berekraftsmål knytt til materialbruk, fortalde stortingspolitikaren.

Publisert: 24.08.2021 14:56

Sist oppdatert: 25.08.2021 00:23

Mer om