Etter at Senterpartiet sitt landsmøte i mars vedtok at partiet vil avvikle Normprisrådet vart det fleirtal i Stortinget for ei slik avvikling. Men då saka kom opp til avrøysting i går ettermiddag vart ikkje Senterpartiet samd med Høgre og partia som støtta Høgre sitt avviklingsframlegg. Dermed fekk ingen av dei to framlegga om avvikling fleirtal, og Normprisrådet skal halde fram.
Normprisrådet er oppretta for å fastsette kva pris lakseoppdrettarane skal rekne sitt skattepliktige resultat frå , og vart innført som ein del av innføringa av grunnrenteskatten - ein ekstraskatt på oppdrett i sjø. Kritikken mot normprisordninga er at den er byråkratisk, gjer at oppdrettarane risikere å skatte av eit større overskot enn dei har og at det hemmar bruken av langsiktige kontraktar i laksemarknaden.
– Eg er frykteleg skuffa, seier Odd Helge Gangstad om at Stortinget ikkje vedtok å avvikle Normprisrådet. Han er fylkesleiar i Senterpartiet i Møre og Romsdal og seier fylkeslaget i Møre og Romsdal støtta landsmøtevedtaket om å avvikle Normprisrådet.
Taparane blir først og fremst små og mellomstore oppdrettselskap, meiner han.
Burde stemt med Høgre
Høgre hadde frå før Venstre, KrF og Pasientfokus med seg om å avvikle Normprisrådet, med dette framlegget til vedtak: "«Stortinget ber regjeringa fremme forslag om at havbruksskatten blir utmålt basert på reelle marknadsprisar tilsvarande som i selskapsskatten, og at dagens ordning med eit normprisråd blir avvikla.»
Senterpartiet sitt framlegg var slik: «Stortinget ber regjeringen så snart som mulig legge frem forslag om å fjerne normprisrådet for havbruk.»
Gangstad seier til NettNo at han meiner Senterpartiet sitt framlegg er best, men at partiet burde stemt for Høgre sitt framlegg når det var klart at Senterpartiet sitt framlegg ikkje fekk fleirtal.
– Når vi ikkje fekk inn vårt (framlegg, red. merk) så skulle vi støtta Høgre sitt, seier han.
No reknar han med at ei eventuell avvikling av Normprisrådet ikkje er mogleg før etter Stortingsvalet i haust, og seier fylkespartiet vil halde fram med å arbeide for at det skal skje.
Vil behalde grunnrenteskatten
Gangstad presiserer at han ønskje å behalde grunnrenteskatten.
Grunnen er mellom anna at den gir ei meir føreseieleg finansiering av Havbruksfondet, som i sin tur gir inntekter til oppdrettskommunane,
Fram til no har statlege sal av nye oppdrettskonsesjonar - som gir rett til å drive oppdrett - vore hovudinntektskjelda for Havbruksfondet. No er det vekstrestriksjoner for oppdrett langs store deler er av kysten på grunn av uløyste miljøproblem, og dermed ventar Gangstad at det blir lite sal av nye konsesjonar framover - og dermed mindre pengar derifrå inn til fondet.
Bjørneteneste
Erling Sande, stortingsrepresentant for Senterpartiet i Sogn og Fjordane og leiar for Næringskomitéen, meiner Høgre har gjort oppdrettsnæringa ei bjørneteneste ved å ikkje stemme for Senterpartiet sitt framlegg.
NettNo sende han desse spørsmåla:
Kva er di grunngjeving for Senterpartiet ikkje kunne stemme for Høgre sitt framlegg om å avvikle Normpriserådet og dermed normprisordninga?
Er Senterpartiet si stemmegiving i Stortinget i samsvar med partiet sitt landsmøtevedtak?
Dette er svaret:
"Om du sjekkar dei to forslaga så ser du at Høgre konkluderer i stor grad på modell i sitt forslag - vi er ikkje automatisk klar til å konkludere på Høgre sin modell her - og vi veit heller ikkje heilt kva system Høgre sitt forslag vil leie til - og det har vi jo også kommunisert før. Men vi la fram eit forslag som var enkelt og klart for å skrote normprisrådet og som hadde krav om rask framdrift - det stemmer Høgre imot sjølv om dei er for - det er oppsiktsvekkande.
Her er mine kommentarar:
Senterpartiet sitt forslag er heilt i tråd med landsmøtevedtaket. Det at vi er imot normprisrådet betyr ikkje at vi har konkludert 100% på Høgre sin modell. Det er oppsiktsvekkande at Høgre ikkje stemmer for det vi er enige om, nemleg å erstatte normprisrådet. Vi justerte også vårt forslag ved å ta ut henvisningane våre til viktigheten av små - og mellomstore selskap for å komme Høgre i møte. Likevel stemte dei imot. Kanskje dei trur dette er lurt for Høgre sin valkampstrategi, men dei har gjort havbruksnæringa ei bjørneteneste."
Stortingsrepresentant Geir Inge Lien og vararepresentant for Jenny Klinge, Per Ivar Lied har fått dei same spørsmåla. Lied skriv i ein epost til NettNo at han "er skuffa over utfallet av voteringa i går. Det er vanskeleg å forstå for folk og for næringa at det ikkje blir fleirtal i ei votering, når det faktisk er fleirtal for det i substans. Senterpartiet prøvde å strekke seg i forhandlingane, og vi omformulerte vårt opprinnelege forslag slik det vart likt overskrifta i Høgre sitt. Normprisordninga er dårleg metodikk, og må bli erstatta. Det trur eg også vil skje, synd det ikkje skjedde i går. "
Lien har ikkje svart.
Ørkenvandring
Fiskeri- og havbrukspolitiske talsperson i Høgre, Olve Grotle, karakteriserer Senterpartiet sin framgangsmåte som eit spel der kyst-Senterpartiet har tapt mot innlands-Senterpartiet, slik som også skjedde då grunnrenteskatten vart innført etter hans vurdering.
Høgre sitt framlegg ville betyr å bå attende til ordninga før normprisordninga tok til å gjeld sommaren 2024, der overskotet var rekna ut frå faktiske prisar. Grotle meiner eksisterande reglar mot prismanipulasjon når det blir handla mellom selskap i same konsern er gode nok også for oppdrettsnæringa.
Om Senterpartiet sitt framlegg skulle bli vedtatt ville det invitert regjeringa til å kome attende med eit system som liknar dagen ordning, og berre betydd at prosessen for å avvvikle Normprisrådet hadde blitt sendt ut på ei ørkenvandring, etter Grotle si vurdering.
Høgre tettare på storkapitalen
Etter Erling Sande sitt første svar sende NettNo har oppfølgingspørsmål; Om det stemmar at Høgre sitt alternativ å gå tilbake til det systemet som var gjeldande før normprisordninga tok til å gjelde frå i fjor sommar - at overskotet blir berekne ut frå den prisen selskapa sel laksen for? Om ja, har Senterparti ikkje då allereie kunnskap om kva det systemet vil føre til? Om nei, kva er partiet redd Høgre sitt framlegg vil føre til? Og kor fort meiner Senterpartiet at regjeringa skal kome med forslag om å fjerne normprisrådet for havbruk-
Sande svarar dette:
"Senterpartiet hadde (etter at vi justerte det for å komme Høgre i møte) eit heilt enkelt forslag om å legge ned normprisrådet. Høgre valgte å ikkje støtte dette forslaget, sjølv om dei seier at dei er for det framlegget sier, altså å avvikle normprisrådet. Det er det som er det oppsiktsvekkjande her. At verken Høgre eller Senterpartiet ønska å støtte dei av kvarandre sine framlegg som peika i retning av høvesvis eit system som er til dei store produsentane sin fordel (Høgre) og til dei små og mellomstore produsentane sin fordel (Senterpartiet) er ei ærlig sak. Det er det vanskelig å bebreide nokon av partia for - Høgre er et parti som er tettare på storkapitalen, mens Senterpartiet er et parti som er opptatt av lokalt eigarskap.
Det som er problematisk, uvanlig og kritikkverdig er at Høyre ikkje kunne stemme for noko begge partie er samde om, nemlig å leggje ned normprisrådet. Det er ikkje Senterpartiet som har noko å svare for her, men Høgre.
Når det gjeld ditt spørsmål om kor raskt SP ønska at regjeringen kom tilbake, så ville jo statsbudsjettet for 2026 ha vore eit naturlig punkt for det.
Når det gjeld spørsmålet ditt om hva Høgre sitt framlegg betyr, så bør nesten Høgre svare på det. Forslaget deres er litt uklart. Til dømes vert det vist til marknadspris, men det finnast ikkje noko marknad på merdkanten - der grunnrenteskatten stoppar. Marknaden er lengre nede i verdikjeden. Høgre sitt forslag insinuerer og at denne markedsprisen skal vere relevant for selskapsskatten, men selskapsskatten er ein skatt på overskot på bedriftsnivå og forheld seg ikke til prisar. Så det hadde tent høgre også å stemme for det vi var samde om og så fikk vi drøfte vidare kva som er rette modell. Det sa Høgre nei til.
Publisert: 09.04.2025 13:36
Sist oppdatert: 09.04.2025 15:58






