Meiner torskeoppdrett får ufortent peppar i media
Venta aldri dette skulle bli ein «walk in the park», skriv Statt Torsk-sjefen. Ny børsnedtur etterpå.
Statt Torsk-aksjen fall meir enn 12 prosent etter at selskapet la fram rapporten for 1. kvartal torsdag morgon.
Utover dagen henta kursen seg litt inn og midt på dagen blei aksjen handla til 0,62 kroner - drygt seks prosent under sluttkursen onsdag.
Kvartalsrapporten viser at inntektene gjekk litt opp samanlikna med kvartalet før, men at selskapet framleis ikkje tener pengar (sjå tabell under).
Får dårlegare betalt enn venta
Meir interessant er det kva Statt Torsk-sjef Gustave Brun-Lie skriv om utfordringane dei har møtt med salsprisen – som førte til at aksjekursen kollapsa førre veke.
Då melde selskapet at dei hadde skreve ned verdien av fisken i sjøen fordi dei fekk dårlegare betalt for fisken, enn dei venta.
- Eg beklagar å seie at dette er skuffande, innleiar han sin kommentar i torsdagens rapport.
Han viser til at dei ikkje har klart å nå målet om å skilje oppdrettstorsken frå anna kvitfisk i marknaden.
Negativ mediemerksemd
Brun-Lie skriv vidare at han meiner torskeoppdrett har fått ufortent negativ merksemd i media grunna utfordringar med rømming og vekst for fisken.
Sjølv har Statt Torsk ikkje registrert rømmingar ved sine anlegg.
Selskapet driv oppdrett på to lokalitetar på Nordvestlandet og fekk tildelt ein tredje lisens i fjerde i fjerde kvartal i fjor. I januar henta selskapet inn 40 millionar kroner i ny eigenkapital gjennom ein retta emisjon.
Lågare vekt enn venta
Selskapet slakta 1086 tonn torsk i førre kvartal, men vekta var kring 500 tonn lågare enn venta, og at det var svolt mellom fisken før slakting.
Statt Torsk-sjef erkjenner at selskapet må få meir kontroll over produksjonen, og at dei framover vil legge meir vekt på fordelane ved oppdrettstorsken i salsarbeidet framover.
Målet er ein produksjon på 12.000 tonn i året.
Les også
Vil eksportere fersk torsk til Asia
Statt Torsk jobbar samtidig med å finne nye marknader. I mars besøkte dei Japan og Sør-Korea for andre gong, og meiner desse landa er lovande marknader.
No planlegg dei å eksportere fersk torsk til dei asiatiske landa, framfor fryst – som det allereie er etablert ein marknad for.
Måla framover er å kapre nye kundar med eit langsiktig perspektiv, auke prisen og redusere kostnadene.
Statt Torsk-sjefen meiner begge delar er mogleg.
- Vi rekna ikkje med at dette ville bli ein «walk in the park». Å lage nye produkt, er krevjande og krev tolmod, påpeiker Brun-Lie.
Statt Torsk ASA | ||
1. kvartal. i mill. kroner | 2023 | 2022 |
Driftsinntekt | 36,6 | 7,9 |
Driftsresultat | -15,4 | -7 |
Resultat før skatt | -3,7 | -7,5 |
Statt Torsk ASA | ||
Per 1. kvartal. i mill. kroner | 2023 | 2022 |
Driftsinntekt | 36,6 | 7,9 |
Driftsresultat | -15,4 | -7 |
Resultat før skatt | -3,7 | -7,5 |
Publisert: 11.05.2023 10:37
Sist oppdatert: 31.05.2023 07:23