Salmon Evolution First smolt release March22 06
FOR SJU MÅNADAR SIDAN: Den første fisken som vart sett ut i tankane til Salmon Evolution er no slakta. Foto: Salmon Evolution
Nytt

Har slakta sin første laks

- Ein historisk milepel, seier Salmon Evolution-sjefen.

08.11.2022

Laksen som no er slakta er ein del av det første utsettet av laks i det landbaserte anlegget til Salmon Evolution på Indre Harøy i Romsdal.

Smolten som vart sett ut for sju månadar sidan var då 300 gram stor og er no nådd slaktevekt, ifølgje ei børsmelding. Slaktevekta er ikkje opplyst.

I alt 30.000 individ vart frakta til Vikenco sitt lakseslakteri der laksen er i ventemerdar fram til slakting. Frakta starta 3. november og den første slaktinga starta i går.

Resten av det første utsettet, av i alt omlag 100.000 smolt, blir slakta seinare i fjerde kvartal.

Salmon Evolution skal presentere tal for 3. kvartal onsdag 16. november. Då vil selskapet gi meir informasjon om storleiken på fisken som er slakta.

Opp og ned på børsen
Salmon Evolution vart børsnotert i september 2021. Då var kursen 7,40 kroner aksjen. Litt over ein månad etter børsnotering var kursen falle til 5,10 kroner aksjen, før den steig i rykk og napp. 27. januar 2022 nådde den 11,24 kroner aksjen. Det er toppnoteringa for selskapet. 30. juni i år var kursen 7,53 kroner aksjen. Før børsopning i dag er kursen 9,51 kroner aksjen.

Fleire investorar på Nordvestlandet er medeigarar i Salmon Evolution. Halsebakkfamiliens investeringsselskap Ronja Capital II er største eigar med 8,6 prosent. Rofisk, som er eigd av Odd Einar Sandøy og familie, eig 4,3 prosent. Rofisk eig brønnbåtreiarlaget Rostein og er største eigar i Larsnes Mek. Verksted.

Peder Stette og familie eig 3,6 prosent gjennom Stette Invest. Den same eigarandelen har Artec Aqua-grunnleggarane gjennom Artec Holding, med Frode Håkon Kjølås eig 3,5 prosent gjennom Kjølås Stansekniver.

Publisert: 08.11.2022 07:29

Sist oppdatert: 08.11.2022 08:35

Mer om