Jølstra Vasskraftverk foto SFE
SNART I DRIFT: SFE har bygd Jøstra Vasskrafverk saman med BKK, og er snart klar til å sette det i drift. Foto:SFE
Nytt

Meir enn dobla kraftpris

2021 og 2020 er som natt og dag i kraftbransjen.

02.09.2021

Tafjord Kraft produserte mindre kraft i 1. halvår i år enn i fjor, men fekk likevel meir enn tre gangar høgare overskot.

Svært lave prisar i fjor er erstatta med høge prisar i år. Gjennomsnittsprisen til Tafjord Kraft var 15,7 øre kWh i 1. halvår i fjor, 37,2 øre kWh i 1. halvår i år.

I fjor var magasina fulle, i år er dei ikkje det. Auka pris på CO2-utsleppskvotar i EU pressar og kraftprisen opp, som smittar over på den norske marknadene.

Tafjord Kraft as
1. halvår. I mill. kroner20212020
Driftsinntekt819,3536,1
Driftsresultat193,170,0
Resultat før skatt184,352,9
Sogn og Fjordane Energi as
1.halvår. I mill. kroner20212020
Driftsinntekt743,4595,1
Driftsresultat239,4174,9
Resultat før skatt246,1175,0

Sikra seg
Også Sogn og Fjordane Energi (SFE) får betre betalt for krafta, men har ikkje den same auken i lønsemda som Tafjord Kraft (sjå tabell over).

Grunnen er at SFE sikrar prisen på kraftkontrakter for å dempe verknaden av svingingar i kraftprisen. Det gjorde at selskapet slapp det store fallet i lønsemda som mange andre kraftselskap hadde i fjor, men gjer og at selskapet får mindre for krafta enn marknadsprisen i år.

Publisert: 02.09.2021 10:43

Sist oppdatert: 02.09.2021 10:46

Mer om