Held koken og har ny mann ved roret
Solstrand Verft på stø kurs etter økonomisk snuoperasjon – og ser moglegheiter i nye marknader.
Solstrand Verft i Tomrefjorden er tilbake med sunn økonomisk drift etter fleire tøffe år. Nyleg fekk dei også inn Wilhelm Eggesbø som ny dagleg leiar av Vestnes-verftet.
Herøyværingen har dei siste åra vore prosjektleiar i Vard Electro, og har utdanning innan økonomi, administrasjon og prosjektleiing. Han har tidlegare vore førstemaskinist på borerigg i Dolphin Drilling. I tillegg har han lang fartstid som maskinsjef på større offshoreskip og havgåande fiskefartøy.
Vi klarte å halde på bemanninga og utføre arbeidet vi skulle gjere
Eggesbø fortel til NETT NO at resultatet i koronaåret 2020 enda på nivå med året før - og går i pluss - sjølv om tala ikkje er offentlege enno.
– Koronaen førte til auka kostnader, men vi har samtidig fått båtar med større behov for vedlikehald. Vi klarte å halde på bemanninga og utføre arbeidet vi skulle gjere, er hans oppsummering av fjoråret.
Snuoperasjon etter kjøp i 2016
Solstrand hadde i 2019 ei omsetning på 81 millionar – det høgaste på ti år - og eit driftsoverskot på drygt fem millionar. Resultata kjem som følgje av ein snuoperasjon eigar Tore Rekdal gjennomførte etter at han kjøpte Solstrand Verft frå Øyvind Sævik i 2016.
Les også
Rekdal har dei siste åra vore dagleg leiar ved verftet, men skal no bruke meir tid på rollene som konsernsjef i Rekdal Group AS og dagleg leiar i Rekdal Industrier. Rekdal Group, som er eigd av Tore Rekdal, eig alle aksjane i Solstrand-verftet.
Tore Rekdal er trygg på at Eggesbø er rett mann med sin breie maritime bakgrunn og leiarerfaring, og fortel at dei no skal spisse seg inn mot oppdrag som kundane etterspør.
Størst på ferje, oppdrett og fiskeri
Wilhelm Eggesbø starta i jobben no i juni, og fortel til NETT NO at dei skal vere nøkterne og bygge stein på stein, slik filosofien til eigaren har vore dei siste åra.
– Vi skal gradvis nærme oss nybygg og andre segment på vedlikehald. I dag er det ferjer, oppdrettsnæringa og fiskeri som er våre største kundar, fortel han.
For augneblinken har verftet ein båt i dokka – men seinast for ei veke sidan var det fem. Og neste veke er det truleg fire båtar som vil vere inne for arbeid.
Ser moglegheiter i nye marknader
Samtidig ser den nye daglege leiaren moglegheiter i nye marknader.
– Vi ser eit stort behov i framtida på vedlikehald på servicebåtar og båtar til dykkarnæringa som det er bygd mange av. Samtidig vil vi inn på marknaden for å gjere båtane meir berekraftige og tilby ombyggingar eller oppgraderingar i meir miljøvennleg retning, fortel Eggesbø.
Eitt av grepa som er gjort, er å investere i reinseanlegg, som gjer at det ikkje skal hamne avfall i naturen som følgje av verksemda.
– Alle dokkingar hos Solstrand Verft skal utførast med kundefokus og sterk omtanke for miljø og klima, uttalar Tore Rekdal i ei pressemelding sendt ut torsdag i samband med at verftet har fått ny dagleg leiar.
Publisert: 10.06.2021 09:02
Sist oppdatert: 27.09.2021 15:37